Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lære seg fagomgrep?

Fagtekstar har ofte mange fagomgrep som er vanskelege, men viktige å forstå for å kunne få med seg innhaldet. Her får du ei rettleiing som du kan bruke når du jobbar med fagomgrep i alle fag.
Mann seier ordet "spade" direkte til ei dame. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit fagomgrep, og kva kan du gjere for å avklare slike omgrep når du møter dei i faget ditt? Vi skal her vise deg korleis du kan arbeide med omgrep. Vi bruker omgrepet fagomgrep som døme.

Slå opp i ordbok

Språkrådet si ordbok på nett er ein fin stad å byrje. Viss du slår opp orda fagomgrep i ordboka på nett, vil du ikkje finne nokon definisjon der.

Det er fleire moglege årsaker til at du ikkje finn eit ord i ordboka:

  • Du har skrive det feil.
  • Du kan ha slått opp eit bokmålsord i nynorskordboka, eller motsett.
  • Det kan vere eit samansett ord.

I dette tilfellet ser vi at fagomgrep er eit samansett ord. Fag og omgrep er ord vi kan søkje opp kvar for seg. Først finn vi orda fag:


fag n1 (lågtysk fak 'avgrensa felt', eigenleg 'noko samanføydd', samanheng med I fuge)

1 avgrensa flate, felt av noko større; særleg: felt mellom to stolpar i bindingsverksvegg; (gardinbreidd høveleg til) felt innanfor ei ramme i vindauge

2 område, felt, grein av yrke, vitskap eller kunst
realfag / skulefag / kunne faget sitt / ein mann av fag fagmann / ei tariffavtale for fleire fag / undervise i mange fag / faget tysk / prate fag snakke om sitt eige fag (med kollegaer)

Finn og vel den riktige forklaringa for faget ditt

Her ser du at ordboka gir oss to definisjonar, i tillegg til å fortelje kvar ordet kjem frå. No må vi vurdere kva forklaring som er mest relevant for den samanhengen vi skal bruke ordet i. Då landar vi på definisjon nummer to.

Når vi slår opp omgrep i Språkrådet si ordbok på nett, får vi denne definisjonen:

omgrep om|grep n1 (etter dansk begreb og, tysk Umgriff 'det å gripe om noko') (oftast klart avgrensa og allmenngjeldande) førestilling om noko

omgrepet fred / grammatiske omgrep

  • oppfatning

    etter mine omgrep

  • velkjend førestilling

    oljebyen Stavanger er no eit omgrep

Her får vi òg fleire definisjonar som vi må velje mellom. No er det lurt å sjå på korleis ordet blir brukt i døma, og velje den som liknar mest det faget eller temaet vi er i:

  • Den aller første forklaringa er den beste for formålet vårt. Det ser vi best i dømet, der vi ser at det blir brukt om eit ord som høyrer til eit fagfelt, som grammatikk.
  • Den andre og tredje forklaringa er for vide. Her kan ordet bety ein idé eller ei oppfatning.

No står vi igjen med denne definisjonen på kva eit fagomgrep er:

Ei framsyning som har ei klart avgrensa og allmenngyldig betyding innan eit område, felt, grein av yrke, vitskap eller kunst.

Dette er ein ganske teknisk definisjon, som krev at vi forstår fleire andre ord, som avgrensa og allmenngyldig og felt. Kan du forklare desse tre orda til ein medelev?

Relatert innhald

Undersøk korleis omgrepet blir brukt av andre

Ei forklaring frå ordboka er altså ikkje alltid nok til å forstå omgrepet så godt at vi sjølve kan bruke det. Kva kan vi gjere då?

Ein fin måte å forstå eit omgrep på, er å sjå korleis det blir brukt i ulike samanhengar.

Kan du hugse å ha høyrt ein lærar i faget bruke omgrepet? Eller kanskje du har sett det bli brukt i lærebøker? Spør ein lærar om dei kan gi eit døme på korleis hen brukar omgrepet. Du kan òg leite etter omgrepet i fagtekstar og skrive ned ei setning der det er i bruk.

Lærar underviser i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betyr omgrepet noko anna i andre fagområde?

Nokre fagomgrep har ulike tydingar i ulike samanhengar.
Når vi slår opp identitet i Store Norske Leksikon, kjem det opp fleire artiklar som viser at dette fagomgrepet blir brukt ulikt i ulike fagområde. Prøv sjølv, og legg merke til kor ulikt ordet er brukt i dei to fagområda matematikk og psykologi.

Bruk omgrepet sjølv

Det siste steget for å verkeleg forstå eit fagomgrep, er å bruke det sjølv.

Ei fin øving er å forklare omgrepet til ein medelev, for då blir det med ein gong tydeleg kva sider ved det som er uklart for deg og må avklarast endå tydelegare.

No kan du bruke omgrepet i diskusjonar og oppgåver der det er relevant. Sjølv om det er viktig å kunne forklare omgrep med kvardagsspråk, er det òg viktig å bruke fagspråket ditt. Det er fordi du får kopla på fagkunnskapen din. Når du vekslar mellom kvardagsspråk og fagspråk, får du knytt teoretisk kunnskap til eigne erfaringar.

Oppsummering:

  • Søk opp omgrepet i ei ordbok.
  • Viss ordet er samansett, søkjer du på enkeltorda for seg.
  • Søk opp omgrepet i Store Norske Leksikon.
  • Leit etter omgrepet brukt i fagstoff.
  • Spør lærarar korleis dei ville brukt omgrepet, og legg merke til når dei gjer det i undervisninga.
  • Bruk omgrepet sjølv: Forklar ein ven kva det betyr, og bruk det i diskusjonar og oppgåver der det er relevant.

Kjelder

Fosse, B. O., Rødnes, K., & Breivik, L. M. (2015, 5 1). Betydningen av å bruke fagbegrep – For elever, lærerstudenter og lærere. Henta frå https://utdanningsforskning.no/artikler/betydningen-av-a-bruke-fagbegreper-for-elever-larerstudenter-og-larere/

Universitetet i Bergen og Språkrådet. (2019). Bokmålsordboka oppslagsord "omgrep". Henta frå https://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=begrep

Universitetet i Bergen og Språkrådet. (2019). Bokmålsordboka oppslagsord "Fag". Henta frå https://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=fag&ant_bokmaal=5&ante_nynorsk=5&begge=+&ordbok=begge

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2019

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar