Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spel deg til omgrepskunnskap

Spel på lag med medelevane dine og øv på fagspesifikke omgrep i mediefaga. Vi har samla nokre sentrale omgrep som kan knytast til temaet offentlegheit og den offentlege samtalen. Kan du forklare omgrepa ved bruk av synonym, motsetningar og hint, slik at laget ditt gjettar rett?
Smilande unge menneske som sit rundt eit bord og gir kvarandre ein "high five". Foto.

Utstyr

  • skål, eske eller annan beheld til oppbevaring av omgrep

  • lappar med omgrep knytt til eit tema, sjå forslag til omgrep nedanfor

  • stoppeklokke

  • penn og papir

Omgrep

Tips

Lappar med omgrep kan anten skrivast ut og bli klipte opp av lærar på førehand, eller dei kan lagast saman med elevane før spelet startar.

Spelereglar

Gå saman i grupper på fire eller meir. Spelet er eit lagspel. Del kvar gruppe inn i to lag.

Slik speler dykk

  1. Lag 1 byrjar. Ein på laget trekkjer ein lapp med eit omgrep, og stoppeklokka startar. Stoppeklokka blir sett på eitt minutt per runde.

  2. Personen som trekte lappen, skal no forklare omgrepet til laget sitt UTAN å seie ordet som står på lappen. Det gjeld å forklare ved hjelp av synonym, motsetningar og hint, slik at medspelarane på laget gjettar omgrepet.

  3. Når omgrepet er gjetta, trekkjer same person ein ny lapp. Her gjeld det å vere rask og forklare godt, slik at laget gjettar så mange omgrep som mogleg før tida renn ut.

    • Dersom tida renn ut mens eit omgrep blir forklart, kan motstandarlaget òg bli med og gjette på dette omgrepet. Dersom motstandarlaget gjettar rett først, vil poenget gå til dette laget.

    • Dersom ein person trekkjer eit omgrep som dei ikkje kjenner, kan det leggjast tilbake i skåla, men laget får eitt minuspoeng per omgrep som ikkje blir fullført.

  4. Når stoppeklokka ringjer, byter de. Då er det ein person på lag 2 som skal trekkje lappar med omgrep og forklare omgrepet så godt ho/han kan, til laget sitt.

  5. Det er viktig at de rullerer slik at alle på laget får både forklare og gjette omgrep.

  6. Spelet føregår til alle omgrepa er forklart, timen er slutt, eller til eit lag har fått 20 poeng. Dette må avklarast på førehand.

Poengberekninga samanfatta

Berre heilt korrekte svar blir godkjende, det vil seie berre omgrep som er nøyaktig likt det som står på lappen.

  • Kvart lag får 1 poeng per forklarte omgrep.

  • Kvart lag får 1 minuspoeng for kvart omgrep som blir lagt tilbake.

  • Vinnarlaget er første lag til 20 poeng, det laget som har forklart flest omgrep når timen er slutt, eller det laget som har flest poeng når det er tomt for omgrep.

CC BY-SASkrive av Hans Otto Böhm, Camilla Øvstebø og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar