Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lese akademiske tekstar?

Skal du gå i djupna på eit tema, kan det vere lurt å bruke fleire kjelder – også akademiske tekstar som er berekna på studentar på universitet og høgskular. Desse kan av og til vere litt krevjande å lese. Her får du tips til korleis du kan lese og lære frå slike tekstar.
Gut som studerer hardt. Han sit med ei oppslått bok og ser inn i ein dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Akademisk tekst

Akademiske tekstar er faglitteratur som er skriven som ein del av eit vitskapleg arbeid.

Dei har nokre formelle krav, som ei innleiing med problemstilling, ein hovuddel med drøfting og ei avslutning med ein konklusjon. I tillegg må vi vise til kjelder og føre ei kjeldeliste.

Kvifor kan akademiske tekstar vere vanskelege å forstå?

Akademiske tekstar er gjerne skrivne for andre som kjenner fagområdet og kan innehalde omgrep som ein elev på vidaregåande skule ikkje kjenner frå før. Tekstane er òg gjerne lange, utan bilete og illustrasjonar som bryt opp og hjelper deg med å forstå. Det kan derfor vere krevjande å halde konsentrasjonen gjennom heile teksten.

To elevar sit i eit bibliotek og studerer ved hjelp av bok og skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis angripe ein vanskeleg tekst?

Først er det viktig å seie at å lese og forstå krev innsats, alltid. Og sjølv når du har følgt råda våre, og jobba deg gjennom teksten, er det ikkje sikkert du forstår alt. Men ikkje gi opp likevel! Mykje av læringa skjer gjennom at du stiller spørsmål og lurer på noko i det du les. Her kjem råda:

1. Få eit overblikk

  1. Kva handlar teksten om? Sjå på innhaldslista. Punkta kan gi deg informasjon om kva teksten vil ta for seg.

  2. Les så innleiinga. Ho beskriv gjerne tema, metode og problemstillinga teksten skal svare på.

  3. Les oppsummeringa/konklusjonen. Her finn du ei oppsummering av kva forfattaren har kome fram til og eit svar på problemstillinga.

No veit du allereie ganske mykje om teksten, og det gjer det lettare å forstå innhaldet når du går vidare inn i hovuddelen med drøfting.

Eit forstørringsglas over ein tekst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Les nøye

Nokre gonger er det eit krav at du skal lese heile teksten, og då gjer du det. Andre gonger er du kanskje ute etter informasjon i ein liten del av teksten. Då gir innhaldslista deg hjelp til å finne akkurat dei delane du treng. Uansett må du lese nøye:

  1. Del opp teksten ved å stoppe opp etter eit avsnitt eller to, eller når du kjem til noko i teksten du ikkje heilt forstår. Dette er viktig for å overvake at du får med deg det du les.

  2. Ved kvar lesestopp: Oppsummer med eigne ord kva det du las, handla om. Klarer du det, har du forstått det du las. Du kan streke under og notere undervegs i teksten, du kan snakke med ein medelev eller skrive med eigne ord i eit eige dokument.

  3. Ta tak i det du ikkje forstår. Slå opp omgrep i ei ordbok eller i eit leksikon, og/eller be nokon andre forklare for deg. Dette er kanskje det viktigaste punktet for å lære av ein tekst.

To elevar sit ved ein pult i eit klasserom og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3. Sjekk at du har forstått heilskapen

Har du prøvd å forklare noko du ikkje kan så godt til nokon andre? Det er svært vanskeleg viss du har mange hol i kunnskapen. Derfor er det viktig å prøve å formulere det du har lese om med eigne ord. Klarer du ikkje det, bør du antakeleg lese noko ein gong til.

  1. Skriv ei oppsummering av kva teksten handla om for deg sjølv, og det du meiner er det viktigaste teksten tek opp og svarer på.

  2. I tillegg kan du prøve å fortelje nokon andre om kva teksten handla om. Då vil kanskje han du snakkar med, kome med spørsmål, og du bli utfordra til å forklare meir.

Skal du bruke det du har lese i ei skuleoppgåve? Les artikkelen om korleis du går frå kjelder til å skrive eigen tekst.

Relatert innhald

Du skal kunne trekkje inn relevante kjelder i fagtekstar du leverer på skulen. Gode strategiar hjelper deg å gjere dette sjølvstendig og utan plagiat.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar