Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Influensarar og kroppspress

Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningar og oppfatningar hos ei stor målgruppe. Nokre influensarar får kritikk for å produsere innhald som bidreg til kroppspress. I denne oppgåva skal du skrive ein drøftingstekst om temaet influensarar og kroppspress.
Ei ung, veltrent kvinne tek ein selfie av kroppen sin, klar til å delast på sosiale medium. Foto.

Skriv ein tekst der du drøftar denne problemstillinga

Nokre influensarar får kritikk for å produsere innhald som bidreg til kroppspress. Kvifor bør influensarar vere ansvarsbevisste når det gjeld kroppspress?

  • Vis til ulike argument og konkrete døme.
  • Finn og vurder skriftlege kjelder du kan vise til i teksten.

Vidare finn du tips til korleis du kan jobbe med dei ulike fasane i ei drøftingsoppgåve.

Fase 1: Idémyldring

Før du set i gang med skrivinga, bør du alltid setje av tid til idémyldring. Det er i denne fasen du skal skrive ned alle ideane og kunnskapen du har om emnet. Og om de avsluttar idémyldringsfasen med å myldre saman heile klassen, endar du opp med veldig mange gode idear å skrive om.

A) Idémyldring åleine:

Før du set i gang med skrivinga, bør du alltid setje av tid til idémyldring. Det er i denne fasen du skal skrive ned alle ideane og kunnskapen du har om emnet.

B) Idémyldring i grupper:

Gå saman eller grupper. Gå gjennom alt de har skrive ned. Pass på å notere undervegs. Du får mykje god kunnskap og nye idear av å lytte til andre.

C) Idémyldring i plenum:

Skriv ned alle argumenta dei ulike gruppene har, på tavla.

  • Diskuter i fellesskap: Kva for nokre av desse argumenta er dei viktigaste? Sett ulike tal føre argumenta, som viser korleis de vektar dei.

  • Når dette arbeidet er ferdig, må du passe på å ha skrive ned alt som står på tavla. Dette skal vere arbeidsdokumentet ditt undervegs i skrivinga.

Fase 2: Lag eit godt avsnitt

Mange set i gang med innleiinga når dei skal skrive fagartikkel. Men mykje lurare er det å starte på hovuddelen. Spar heller innleiinga til sist, for du kan jo ikkje presentere hovuddelen før han er skriven?

Vi startar altså med å skrive eit avsnitt i hovuddelen. No skal du øve på å skrive akademisk. Det vil seie at du skal

  • skrive objektivt
  • vise til ei kjelde i avsnittet ditt

Fase 3: Skriv resten av hovuddelen

No har du lært korleis du kan byggje opp eit avsnitt i ein fagartikkel. Bruk prinsippa du har lært her, til å skrive ferdig hovuddelen i fagartikkelen din.

Fase 4: Skriv innleiinga

Fase 5: Skriv avslutninga

Fase 6: Sluttfør fagartikkelen

Før du leverer fagartikkelen, bør du følgje desse råda:

  • Les godt gjennom teksten. Det er ein fordel om du les han høgt for deg sjølv. Då vil du lettare oppdage dårlege setningar eller manglande samanheng.
  • Spør ein medelev om de kan lese kvarandre sine tekstar. Sei at du vil ha både ros og ris. Hugs at du lærer av tilbakemeldingar om korleis du kan forbetre deg. Det er òg viktig at du gir konstruktive tilbakemeldingar til medelevar.
  • Rett opp etter tilbakemeldingane frå medeleven.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Aasa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar