Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ei problemstilling

Å finne gode kjelder på Internett og i bøker er viktig når du skal utforske ei problemstilling.

Når du får ei skriveoppgåve, er det alltid lurt å først starte med ein idémyldringsfase før du går vidare på å utforske temaet. I denne oppgåva skal du øve på å utforske ei konkret problemstilling.

Har du ikkje gjennomført idémyldringsfasen?

Sjå forslag til metode og gjer oppgåva "Idémyldring fagartikkeloppgåve" før du går vidare på utforskingsfasen. Du finn lenkja nedst på sida.

Problemstillinga

Temaet du skal forske på er “Press blant ungdom”. Dette er oppgåveordlyden:

I media har det dei siste åra vore skrive mykje om den psykiske helsa til unge menneske. Somme har kalla dagens ungdommar for “Generasjon perfekt”. Årsaka er at det kan verke som om mange tenåringar meiner dei må ha både “feilfri” kropp, gode karakterar, fine klede og ein perfekt fasade på sosiale medium.

Drøft problemstillinga: “Er det for mykje press på ungdom i dag?”

Del 1

I grupper på tre: Sjå videoen frå 2006 der norske ungdommar blir intervjua om kva slags press dei møter. Diskuter:

  1. Kva for typar press som ungdommane beskriv kan de kjenne dykk att i?
  2. Er det nokon kjelder til press de ikkje kjenner att?
  3. Meiner de at videoen viser at ungdomsgenerasjonen har forandra seg sidan 2006?

Del 2

I grupper på tre: De skal no sjå på forsking frå NOVA og Ungdatasenteret, som årleg kartlegg ungdommar sin livssituasjon og levekåra deira. Opprett eit samskrivingsdokument der de kan notere.

  1. Les NOVAs undersøking om ungdomspress. De treng ikkje lese heile teksten, men kan stoppe ved underkapitlet "Anbefalinger for videre forskning". NOVA om stress, press og psykiske plager blant unge (artikkel frå ungdata.no).
  2. Diskuter med dei andre på gruppa: Kva for årsaker peikar artikkelen på som dei viktigaste årsakene til press blant ungdom? Noter ned i samskrivingsdokumentet undervegs.
  3. Diskuter i klassen: Kjenner de dykk att i funna?

Del 3

I følgje Ungdataundersøkinga rapporterer mange ungdommar at dei kjenner på press. Men det at ungdom rapporterer at dei er pressa, betyr ikkje nødvendigvis at vi kan konkludere med at presset er for stort. For at de skal kunne svare ordentleg på problemstillinga «Er det for mykje press på ungdom i dag?», treng de både nyansert og balansert informasjon.

  1. I grupper på tre: Kvar av dykk vel minst éin tekst frå oversikta nedanfor. Sørg for at de har med éin tekst som støttar opp under at presset på ungdom er stort og éin tekst som hevdar det motsette.

    Sykt perfekt? Nei, bare sykt selvopptatt (artikkel frå Aftenposten)

    Hadde jeg vært ungdom, hadde jeg sagt opp på flekken (artikkel frå klikk.no)

    Stress og press skyldes en kulturell systemfeil (artikkel frå Fredrikstad blad)

  2. Lag ei oversikt i eit samskrivingsdokument der de skriv inn alle argumenta for og mot at ungdom er for hardt pressa i dag.

Vil du skrive ferdig fagartikkelen om press blant ungdom, ta vare på alle notat og gå vidare i arbeidsprosessen.

Relatert innhald

Idémyldringsfasen er viktig for å finne fram til forkunnskapane. Ei oppgåve der du skal myldre om ungdom og press.

Før du skriv hovuddelen, bør du gå gjennom førskrivingsfasen. Øv deg på å lage gode temasetningar og kjenne igjen krava til gode temasetningar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2019

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar