Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Idémyldring fagartikkel

Å bruke god tid på å hente fram forkunnskapane dine er noko av det viktigaste du gjer før du skal skrive ein tekst. I denne fasen skal du skrive heilt fritt utan å tenkje over kva som er rett og gale.

Vi er forskjellige. Somme jobbar best aleine, medan andre helst vil diskutere og samarbeide med andre heile tida. Eit tips til idémyldringsfasen er å først tenkje og skrive i ro og fred, for så å utveksle idéar med medelevane dine.

Du kan bruke metoden som er beskriven her på alle emne du skal skrive tekstar om, men i denne oppgåva skal du prøve deg på ei idémyldring om emnet "ungdom og press".

Problemstillinga

Oppgåva du skal prøve deg på er denne:

I media har det dei siste åra vore skrive mykje om den psykiske helsa til unge menneske. Somme har kalla dagens ungdommar for “Generasjon perfekt”. Årsaka er at det kan verke som om mange tenåringar meiner dei må ha både “feilfri” kropp, gode karakterar, fine klede og ein perfekt fasade på sosiale medium.

Drøft problemstillinga: “Er det for mykje press på ungdom i dag?”

Del 1: Myldre aleine

  1. Sjå på viktige stikkord i oppgåvelyden: "generasjon perfekt", "kropp", "karakterar", "klede", "sosiale medium". Skriv ned alle tankar du kjem på som kan handle om press saman med desse stikkorda. Skriv fritt! I denne fasen er alle tankar riktige.
  2. Oppgåva vil at du skal drøfte om det er for mykje press på ungdom. Lag eit tankekart der du skriv argument for at det er for mykje press på ungdom på den eine sida og argument mot på den andre sida.

Del 2: Myldre saman

  1. Sjå godt på problemstillinga og sørg for at de forstår nøyaktig kva det er de skal skrive om: Finst det omgrep som treng å bli avklart eller definert? Kva er det til dømes som er meint med press? På kva område kan ungdom risikere å oppleve stort press?
  2. Formuleringa “Er det for mykje press …” antydar at ungdom opplever mykje press, og at presset kan vere for stort. Derfor gjeld det å finne argument som underbyggjer at presset er stort, men også argument som peikar i motsett retning og som avkreftar påstanden. Lag eit felles tankekart der de noterer argument, fakta og tankar omkring temaet “ungdom og press”.
  3. Kva treng de å finne meir informasjon om? Formuler nokre spørsmål de ønskjer å finne svar på.

Del 3: Del i klassen

Tankane som er delte i gruppene bør også delast med resten av klassen. Bruk eit samskrivingsdokument eller tavla og del i tre kategoriar:

  1. Tankar om nøkkelorda: ...
  2. Argument for at det er for mykje press: ...
  3. Argument mot at det er for mykje press: ...

Få ned alle tankar som er komne opp i dei ulike gruppene. Viss de bruker tavla, bør du passe på å skrive ned eller ta bilete av alle momenta.

Viss du vil skrive ferdig teksten, ta vare på notata dine og gå vidare til å jobbe med utforskingsfasen.

Relatert innhald

Utforsk ei problemstilling om ungdom og press. Etterpå kan du gå vidare til å skrive ein fagartikkel.



CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2019

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar