Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet skriv argumenterande og drøftande tekstar

Korleis har du førebudd deg til eksamen? Har du oversikt over korleis du skal gå fram når du skal skrive argumenterande og drøftande eksamenstekstar? Vurder kunnskapen din.
Ei gruppe skuleelevar står eller sit rundt eit bord og har gruppearbeid. På bordet ligg oppslåtte lærebøker og skrivesaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekkpunkt

  • Eg har lært korleis eg kan undersøkje fakta, utforske idéar og skrive ein drøftande fagartikkel.

  • Eg har kunnskap om korleis eg kan bruke "den gylne handa" som grunnoppskrift til å skrive eit debattinnlegg.

  • Eg veit kva som kjenneteiknar ei god drøfting.

  • Eg veit kva det betyr å skrive akademisk.

  • Eg veit korleis eg kan lese akademiske tekstar.

  • Eg veit korleis eg kan bruke mediefaglege omgrep i diskusjonar og fagtekstar.

  • Eg veit korleis eg kan dokumentere og vise til kjelder på ein korrekt måte.


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar