Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førskriving fagartikkel

Dei beste tekstane blir til med god planlegging. Å bruke tid på førskriving kan kan vere med på å lage ein strukturert tekst. Ein del av dette arbeidet er å lære seg å lage gode temasetningar. Følgjer du råda her, vil du sitje igjen med "skjelettet" til ein fagartikkel.

Førskrivinga kjem vanlegvis etter idémyldringa og utforskingsfasen. Det er lurt å jobbe grundig med dei fasane før du set i gong med skrivinga.

Her skal du først øve deg på å strukturere teksten din og deretter å lage gode temasetningar.

Problemstillinga

Temaet du skal jobbe med er “Press blant ungdom”. Dette er oppgåveordlyden:

Drøft problemstillinga: “Er det for mykje press på ungdom i dag?”

I media har det dei siste åra vore skrive mykje om den psykiske helsa til unge menneske. Somme har kalla dagens ungdommar for “Generasjon perfekt”. Årsaka er at det kan verke som om mange tenåringar meiner dei må ha både “feilfri” kropp, gode karakterar, fine klede og ein perfekt fasade på sosiale medium.

Del 1 – Organiser argumenta

Viss de har idémyldra og utforska problemstillinga, skal de vere godt førebudde til å setje i gang med skrivinga. Men det betyr ikkje at det berre er å kaste seg over hovuddelen. Dei beste tekstane blir til med god planlegging.

Jobb gjerne i treargrupper: Ordne alle argumenta de har om emnet i skjemaet under. Prioriter medan de ordnar: Set dei argumenta øvst som de oppfattar som dei mest tungtvegande, medan dei som verkar mindre viktig, kjem nedst.

Del 2 – Temasetningar

Del 3 – Lag eigne temasetningar

Skriv ei temasetning til kvart av for- og motargumenta de har valt, og noter alle setningane i eit dokument. Samarbeid og finpuss setningane slik at dei blir verkeleg gode. Dette skal vere temasetningane i avsnitta i hovuddelen av teksten dykkar.

Tips: Når de skal lage ei temasetning, skriv gjerne først: Dette avsnittet skal handle om …, og fullfør setninga med eitt ord. Dette er eit nøkkelord, og det ordet bør vere med i temasetninga.

Det du har laga no, kan du sjå på som "skjelettet" til ein fagartikkel: Du har laga førstesetninga i seks avsnitt i hovuddelen din. No må du berre fylle ut dei seks avsnitta for å få ein ferdig hovuddel.

Vil du skrive ferdig fagartikkelen om press blant ungdom, ta vare på alle notat og gå vidare i arbeidsprosessen. Neste steg er å skrive hovuddelen.

Relatert innhald

Utforsk ei problemstilling om ungdom og press. Etterpå kan du gå vidare til å skrive ein fagartikkel.


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2019

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar