Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Logistikk på skjener

Mykje av godstransporten går føre seg med tog. Gjennom filmen vil du få nærare innblikk i aktiviteten på godsterminalen og korleis transporten blir planlagd og gjennomført.

Korleis fungerer godstransporten med jernbanen?

Ved Oslo Godsterminal Alnabru, som er eit knutepunkt for godstransport med tog i Noreg og Europa, får vi eit innblikk i korleis ein planlegg og utfører transport ved hjelp av jernbanenettet.

Oppgåve: Kva lærte du om transport av gods med tog?

A) Gå saman i små grupper. Diskuter og svar på følgjande:

  1. I filmen blir det sagt at det finst fleire samlastarar på Alnabruterminalen. Kva er ein samlastar? Kva samlastingsbedrifter kjenner de til?

  2. Gode rutinar ved lasting er viktig. Kan de tenkje dykk kvifor?

  3. Kva kan fraktast med tog?

  4. I filmen snakkar ein om at det er store miljøfordelar med transport på tog framfor vegtransport. Kva meiner de om dette, og kvifor trur de det er miljøfordelar?

  5. I filmen sa dei noko om frakt av farleg gods – hugsar de kva? Kva meiner de det er viktig å tenkje gjennom i samband med transport av denne typen gods?

  6. Dei hadde nokre tryggingsprosedyrar før avgang med tog. Hugsar de kva for nokre? Korleis utførte dei prosedyrane?

B) Presenter gruppesvaret for resten av klassen og få i gang ein open diskusjon. De kan også diskutere eventuelle andre punkt om transport på skjener.

Relatert innhald

I dette emnet skal du få litt innblikk i korleis utviklinga av transportnetta har vore, og korleis det blir jobba med forbetring og endring for framtida.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022

Læringsressursar

Drift på terminal og lager