Hopp til innhald

Fagstoff

Transport av gass og olje

Havbotnen er dekt av eit nettverk av ulike røyrsystem som leverer olje og gass til fastlandet i Noreg, Storbritannia og kontinentet.
Oversikt over gassrøyr (raude) og oljerøyr (grøne) på norsk sokkel. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Olje og gass som blir produsert frå under havbotnen, blir frakta anten i tankskip eller i røyr til mottakssentralar. Transportrøyra som ligg på havbotnen, er eit stort nettverk som fører produktet til fleire land i Europa.

Olje i tank

Noko av olja som blir produsert offshore, blir frakta i røyr på havbotnen til Noreg og England, men det meste av olja blir lasta i tankskip og transportert til land. Olja blir levert til eit landanlegg, der ho blir til fleire ulike produkt, som kan brukast til ulike oppgåver. Raffineringa fører fram til gass, bensin, diesel, fyringsolje og asfalt. Produktet blir overført til ein terminal for vidare transport.

Frå terminalen blir produkta henta med tankbilar, som transporterer dei til bensinstasjonar eller til store anlegg som har behov for større mengder diesel. Sjåførane på desse tankbilane må ha godkjent -kompetansebevis (grunnkurs for transport av farleg gods) med utvida kompetansebevis for tank. Tankbilane som fraktar olje- og gassprodukt, skal merkjast med oransje skilt som beskriv kva dei fraktar.

Ein lastebil med Esso-logo er på vegen. På baksida er det tre skilt: eit oransje med tala 30 og 1202, eit raudt med symbolet for brannfare og eit kvitt med symbolet for miljøfare. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei raffinerte oljeprodukta kan òg lastast over i tankskip og førast til mottakarar i andre land eller andre hamner i Noreg.

Gass i røyr

Gassen frå reservoara må haldast i lukka røyrsystem slik at han ikkje blir blanda med lufta rundt oss. Gassen blir behandla i tørkeanlegg og komprimert slik at trykket stig til rundt 200 bar. Deretter går gassen gjennom transportrøyra på havbotnen til land. Røyra er rundt 30" i diameter (76 cm). Det betyr at mengda gass som blir transportert, er enorm.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske og Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2021

Læringsressursar

Drift på terminal og lager