Hopp til innhald

Fagstoff

Etterfyllingsordrar og etterfylling av plukklager

Her lærer du hvordan plukklagrene må etterfylles etter hvert som det blir tomt på plukkplassen.
Lagerarbeider på jobb.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter kvart som logistikkoperatørane på eit lager plukkar varer frå plukksonene, blir det tomt på plukkplassen. Då må det genererast innryddingsordrar der varer blir flytta frå ein volumlokasjon til ein plukkplass.

Lagera praktiserer ulike løysingar her. Dei fleste lagrar volumvarene i det dei kallar overstock, det vil seie lagerhyllene som ligg over plukklokasjonane. Dermed er det berre å løfte ned ein full pall frå dei høgaste reolnivåa når det er tomt på plukkplassen.

Kvar lokasjon har sin eigen strekkode. Først skyt ein strekkodane på den første lokasjonen, deretter skyt ein koden på pallen som skal flyttast til plukkplassen. Til slutt skyt ein strekkoden på den nye plukkplassen, og operasjonen er fullførd. Lagersaldoane på lokasjonane blir dermed oppdaterte elektronisk.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager