Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer på ein pakketerminal?

I desse oppgåvene skal du ta utgangspunkt i filmen "Logistikkløysingar" frå Postens terminal på Alnabru, der du får innblikk i nokre av arbeidsoppgåva på ein pakketerminal og korleis mottak, sortering og sending går føre seg.

OPPGÅVER

  1. Sjå filmen om logistikkløysingar nedanfor, og gjer deg notat.

    Kva tenkjer du det er viktig å merke seg? Det kan til dømes vere ulike arbeidsoperasjonar, omgrep, uttrykk, ord, hjelpemiddel og dokument.

    Opne eit Word- eller notatdokument på maskinen din, og del sida slik at du har både filmen og dokumentet opne. Eventuelt kan du ta notat på papir.

    Sjå eventuelt filmen fleire gonger for å repetere det du ser, og/eller set han på pause undervegs.

  2. Gå saman i grupper på 2–3 personar, og diskuter det de har sett. Har de notert dykk dei sama punkta?

    Lag deretter ein presentasjon som samanfattar tankane dine/dykkar om temaet, og presenterer for resten av klassen.

  3. Til slutt kan de prøve dykk på ein kahoot for å sjå kva de hugsar frå filmen.

    Ressursar
    Om kahooten blir køyrd felles for heile klassen, må den som køyrer kahooten, kunne vise spørsmåla og resultata på ein storskjerm eller ei interaktiv tavle. Deltakarane kan svare ved hjelp av PC, nettbrett eller mobiltelefon.

    Slik gjer du:

  • Den som styrer kahooten, opnar lenkja til kahooten nedanfor på storskjerm.

  • Etter få sekund dukkar det opp ein PIN-kode.

  • Deltakarane opnar nettsida kahoot.it

  • Deltakarane skriv inn PIN-koden og vel sjølv eit fint kallenamn.

  • Så er det bare å gå i gang. Køyr kahoot.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2021

Læringsressursar

Drift på terminal og lager