Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein terminal?

Kort forklart er ein terminal ein stad for omlasting av varer og tenester og eit lager for oppbevaring av varer i ein periode.
To lastebilar køyrer i same retning på ein motorveg. I bakgrunnen går det ei bru over vegen. Eit passasjerfly er over brua. Til venstre er det eit lasteskip. Illustrasjon.

Både for godstransport og persontransport kan vegen fram til det endelege målet vere lang, og derfor finst det terminalar for venting og oppbevaring for ei kortare eller lengre tid på vegen. Godset må nokre gonger lastast om til eit anna transportmiddel undervegs, som til dømes frå båt til lastebil. Det same gjeld for passasjerar, som til dømes må byte buss undervegs i reisa. Ein slik stad kallar vi for ein terminal.

Formålet med terminalane er å få mest mogleg effektiv og lønnsam transport gjennom å samordne eller samlaste gods og passasjerar.

Når vi snakkar om effektiv drift på terminalar og lager, meiner vi korleis vi planlegg og sørgjer for at aktivitetar skjer til rett tid, av og med dei rette menneska, med dei riktige varene og med den hjelpa vi treng for å kunne gjere vår del av jobben.

Det finst terminalar knytte til alle transportnettverka, og du skal lære om dei ulike terminaltypane i nettverka våre (veg, bane, sjø, luft og røyr). Du skal òg lære om korleis logistikken går føre seg, og om korleis transporten blir løyst på dei ulike terminalane.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021

Læringsressursar

Drift på terminal og lager