Hopp til innhald

Fagstoff

Klargjering av lager for innkjøp

Alle lager treng jamleg påfyll av nye varer. Her lærer du at varekjeder bruker elektroniske datasystem som hjelpemiddel for å etterfylle lagera sine før dei går tomme for ei vare.
Kvar plass har si eiga lageradresse (lokasjon)
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handelskjeder har i dag eit breitt varesortiment som dei oppdaterer heile tida. Sortimenta kan bestå av fleire tusen ulike varelinjer, der kvar varelinje representerer ein unik artikkel. Det er umogleg å halde oversikt manuelt.

Elektronisk prosess med generering av innkjøpsordre
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å halde orden på varelinjene opprettar kjedene ei lageradresse (lokasjon) for kvar artikkel, og deretter registrerer dei kor mange einingar det er på kvar lokasjon. For kvart uttak av ein artikkel frå ein lokasjon skannar lagermedarbeidarane varenummeret, og det same skjer kvar gong dei fyller på nye varer. Datasystem held dermed heile tida oversikt over kor mange artiklar det er på kvar lokasjon.

Tal

Lagerbehaldning ved byrjinga av ein dag på ein lokasjon

10

Talet på nyregistrerte artiklar gjennom ein dag på ein lokasjon

0

Talet på plukka artiklar gjennom ein dag frå ein lokasjon

2

Lagersaldo for ein lokasjon ved slutten av ein dag

8

Tabell: Lagersaldo blir registrert elektronisk på alle lokasjonane.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager