Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er lagerstyring?

Lagerstyring er ein logistikkfunksjon som legg vekt på administrasjon og organisasjon av varelageret til ei verksemd.

Føremålet med lagerstyring er å få oversikt over varelageret til ei verksemd og sørgje for at ein kan gjere greie for og følgje kvart produkt heile vegen frå innkjøp til sal.

Oversikta ein får ved god lagerstyring, gjer at ein heile tida veit kva produkt som sel best, og når ein burde bestille nye. For rekneskapen til bedrifta er det viktig at ein har oversikt over varebehaldninga si.

Mange fakturaprogram og rekneskapsprogram tilbyr lagerstyring. Når du lagar ein faktura der du legg til varer, vil programmet trekkje frå varer i varelageret ditt automatisk. På denne måten vil lagerbehaldninga di alltid vere oppdatert.

Ein terminal på eit lager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudprosessane ein må styre på eit lager, er

  • innkjøp / etterfylling av lager
  • mottak av kundeordrar
  • ordreplukk
CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Drift på terminal og lager