Hopp til innhald

Fagstoff

Elektroniske lagerstyringssystem

Her lærer du at det finst ei lang rekkje elektroniske datasystem som kan hjelpe til med å omarbeide dei store mengdene data som oppstår ved lagerstyring. Du lærer òg kva for nokre lagerfunksjonar datasystema kan hjelpe oss med.
ERP-system med OLFI-modul.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange som leverer elektroniske lagerstyringssystem. Tidlegare blei slike system utforma som reine lagerstyringsmodular, men i dag inngår lagerstyringssystem som modular i det vi kallar ERP-system. Den engelske forkortinga ERP står for Enterprise Resource Planning og kan best omsetjast til ressursforvaltingssystem på norsk.

Dei opphavlege lagerstyringssystema blei kalla OLFI-system og bestod av fire programmodular:

Ordrebehandlingsmodul

Lagerstyringsmodul

Faktureringsmodul

Innkjøpsmodul

OLFI-modul

Eit ERP-system er eit databasesystem med ein rekkje programmodular som kan behandle data frå databasen på ulike måtar.

I tillegg til reine ERP-system finst det meir spesialiserte databasesystem retta mot vareformidling. Slike system kallar vi WMS-system eller Warehouse Management Systems.

Alle slike system har sine eigne skjermbilete og sin eigen funksjonalitet. Om du jobbar på eit lager, vil du få opplæring av arbeidsgivaren din eller av systemleverandøren i bruken av systemet.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager