Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegge og gjennomføre kurs

Korleis kan du utvikle og lage kurs som gjer at brukarar og kursdeltakarar lærer noko om eit system eller ei programvare?
Ei gruppe menneske sit og ser på ein mann som snakkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

Planlegg kva kurset skal handle om. Dersom det er mogleg, kan du undersøke kva kursdeltakarane lurer på og ønsker å vite. Finn ut kva dei kan og veit frå før. Dei som har brukt eit program i fleire år, kan ønske å lære nye eller meir avanserte teknikkar. Andre kan lure på korleis dei skal starte opp, og kva dei skal bruke eit program til. Det er lurt å skilje mellom kurs for nybyrjarar og for vidarekomne.

Finn ut kor mykje tid du har, kva slags materiell du og deltakarane har tilgjengeleg, og kva som trengst for å kunne gjennomføre opplæringa. Finn òg ut kor mange deltakarar som kjem. Jo fleire deltakarar du har, jo tydelegare plan må du ha. Set deg godt inn i stoffet og ver godt førebudd. Du kan godt prøve ut opplæringa på nokon slik at du veit omtrent kor lang tid ting tek. Då ser du òg om du må gjere nokre justeringar.

Er det eit kurs ein til ein eller for ei lita gruppe, kan deltakarane i større grad komme med spørsmål og ønsker undervegs, og du kan tilpasse kurset til akkurat desse deltakarane.

Utforming av opplegg

Set opp ein tidsplan og planlegg kva du skal komme inn på. Finn ut korleis du kan formidle på ein god og tydeleg måte. Kva veit du om målgruppa og behova og føresetnadene deira? Vel verkemiddel og språk som passar til målgruppa. Bruk fagspråk om du skal kurse personar som kjenner fagfeltet, og bruk eit enklare språk om det er nokon med mindre erfaring innan faget eller emnet.

Kva skal du gjere, og kva skal kursdeltakarane gjere undervegs? Skal dei sjå ein film og notere? Skal dei prøve seg fram i eit program? Skal dei få støttemateriell som ei rettleiing eller hurtigtastar? Skal alle gjere alt samtidig, steg for steg, eller skal dei jobbe i sitt eige tempo?

Førebu og lag materiell til kurset. Du kan få tips og råd i artikkelen "Lag opplæringsmateriell".

Gjennomføring

Det kan vere lurt å presentere og fortelje litt om programmet eller verktøyet før du går i gang med opplæringa.

Snakk tydeleg og roleg, og ha augekontakt med publikum. Prøv å ikkje bli for oppteken av manus eller skjermen, men snu deg mot publikum.

Dersom du ønsker at alle skal prøve programmet eller verktøyet undervegs i kurset, er det viktig å sjekke at alle heng med og får gjort det dei skal, før du går vidare. Vis og forklar og zoom inn ved behov. Det er ein fordel å vere minst to kurshaldarar, med ein som går gjennom innhaldet på storskjerm, og ein som går rundt og hjelper til.

Planlegg slik at du har godt med tid til sjølve kurset. Etter at du har gått gjennom sentrale verktøy og funksjonar, kan det vere fint å setje av tid til at kursdeltakarane kan prøve seg litt fram på eiga hand. Du kan godt lage nokre enkle oppgåver til dei der dei skal bruke verktøyet eller programmet.

Følg med på deltakarane

To ungdommar, ein gut og ei jente, sit ved skulepultar. Guten blæs ei tyggisboble, og jenta ligg slapt utover pulten. Foto.

Følg med på på kursdeltakarane mens du kursar. Heng dei med? Du kan spørje dei og sjekke undervegs ved å gå rundt. Er tempoet passeleg, eller går det for fort eller sakte? Gjer justeringar undervegs. Det kan hende at du ikkje rekk alt du har tenkt, eller at kurset går fortare enn du trudde.

Opne opp for spørsmål undervegs og til slutt. Det kan passe med ein test eller ei evaluering som kursdeltakarane gjer etter kurset. Då kan du få nyttige innspel og finne ut kva som er bra med kurset, og kva som kan bli betre. Du kan òg finne ut kva dei sjølve sit igjen med og har lært.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2022

Læringsressursar

Proaktiv IT-drift og brukarstøtte