Proaktiv IT-drift
Aktivitetar vi gjer, er anten proaktive eller reaktive. Dei proaktive aktivitetane er dei vi gjer for å førebu oss på hendingar som kan skje i framtida. Reaktive aktivitetar inneber at vi reagerer på noko som har skjedd. Proaktive og reaktive aktivitetar er begge viktige og heng ofte tett saman.
Eit enkelt døme er rutinar ved brann. Alle bedrifter har brannsløkkjarar, branninstruksjonar og brannøvingar i tilfelle brann. Dette er proaktive tiltak som er på plass i god tid før ein brann. Dersom det byrjar å brenne, hjelper desse førebuingane oss å reagere på ein best mogleg måte.
Førebuingane våre kan hjelpe oss når vi må reagere, men vi kan aldri vere førebudde på alt. Derfor er det òg viktig at vi klarer å handtere situasjonane som skjer.
Å vere førebudd er viktig, men kva skal vi vere førebudde på? Det finst millionar av moglege hendingar som kan oppstå. Å vere førebudd på alle er ikkje mogleg, og sjølv om vi fokuserer på eit lite utval, kan kostnaden i utstyr og arbeidstid bli veldig høg.
Løysinga er å vurdere risiko. Du kan lese meir om det i artikkelen "Vurdere risiko". Når vi vurderer risiko, lagar vi oversikt og vurderer kva hendingar som sannsynleg kan hende, og kva som blir konsekvensen dersom kvar hending skulle hende. Vi må så legge planar og gjere førebuingar for eit lite utval av moglege hendingar.
IT-drift handlar om å levere nødvendige tenester til brukarane og sikre at tenestene er tilgjengelege, pålitelege og korrekte.
Døme på tenester er trådlause nettverk, at internett-tilgang er på plass, og at serverar og server-tenestene som køyrer på desse, er oppe og fungerande. Ein viktig del av proaktiv IT-drift handlar om å sikre at vi held fram med å levere tenestene sjølv om ulike hendingar skulle oppstå. Vi arbeider proaktivt på mange måtar:
Vi planlegg og set opp system som ikkje sluttar å fungere ved enkeltfeil. Du kan lese meir om det i artikkelen "Redundans i system".
Vi overvaker utstyr og ser etter tidlege teikn på feil. Til dømes kan harddiskar og SSD-ar varsle dersom svakheitsteikn byrjar å oppstå.
Vi held system oppdaterte med nyaste programvare og fastvare (firmware) så vi kan unngå at eksterne trusselaktørar får tilgangar i systema våre.
Vi held oss fagleg oppdaterte. Å ha ei viss oversikt over sikkerheitstruslar og angrepsmåtane som eksterne trusselaktørar bruker, er viktig for ei nøyaktig risikovurdering og val av tiltak.
Vi byter ut komponentar før utstyret når den forventa levetida. Då er det vi som styrer når nedetid skjer, og vi kan halde nedetida så låg som mogleg. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Levetid på elektronisk og mekanisk utstyr".
Vi har sikkerheitskopirutinar. Det er lett å fokusere på maskinvare og nettverk når vi skal tenke proaktivt, men ofte er dataa våre det mest verdifulle og sårbare vi har. Å ha sikkerheitskopirutinar er derfor viktig. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Sikkerheitskopiering".