Tips til deg som kurshaldar - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tips til deg som kurshaldar

Nøkkelen til å halde eit vellykka kurs er å førebu seg godt. Sjølv om du kan det programmet eller systemet du skal halde kurs i, godt sjølv, må du tenkje igjennom korleis du best kan lære det bort til andre. Hugs at deltakarane er der for å lære, ikkje for at du skal vise kor flink du er.

Jobb deg igjennom heile kursinnhaldet på førehand, og tenk på i kva rekkjefølgje du bør vise ulike funksjonar, og korleis du skal forklare dei. Noter gjerne stikkord, slik at du ikkje gløymer viktige poeng.

Tenk også igjennom kva du eventuelt skal vise på skjerm eller med projektor. Dersom du skal forklare mykje teori, kan ein PowerPoint-presentasjon vere ei god støtte, men dersom du skal vise funksjonar i eit program, kan det vere betre å ha programmet framme på skjermen.

Dersom deltakarane skal lære mange funksjonar i programmet, er det lurt å lage oppskrifter på papir som deltakarane kan følgje. Då slepp dei å notere undervegs og kan følgje oppskriftene når dei skal prøve funksjonane på eiga hand etter kurset.

Du bør også lage alle oppgåvene og øvingane deltakarane skal jobbe med, ferdig på førehand.

Berekne tida

Det kan vere vanskeleg å berekne kor lang tid det vil ta å komme igjennom det lærestoffet du har planlagt. Du må kanskje forklare det same fleire gonger, og det kan vere at deltakarane har spørsmål som du må svare på. Men du kan også risikere at det går mykje raskare enn du hadde tenkt – til dømes dersom deltakarane kan mykje frå før.

Du bør derfor førebu deg på å gå igjennom litt meir enn du reknar med at du rekk, men leggje det opp slik at du går igjennom det viktigaste først og det minst viktige til slutt. Då gjer det ikkje så mykje om du får knapt med tid og må kutte ut noko.

Sørg for at alt er i orden før kurset startar

I god tid før kurset startar, må du sjekke at du har alt du treng, og at alt fungerer som det skal. Det er frustrerande både for deg og for deltakarane dersom den første timen går med til å få maskiner, program, projektor eller anna til å fungere.

Sjekk at

  • alle maskiner fungerer som dei skal
  • det er mogleg å logge seg inn
  • programma som skal brukast, startar og verkar slik dei skal
  • maskinene har nettilgang
  • projektoren fungerer
  • presentasjonar eller anna som du skal vise på skjermen, er i orden
  • du har alt kursmateriell som skal brukast, eventuelle øvingsfiler og så vidare

Takle nervøsitet

Det er heilt vanleg å bli litt nervøs eller stressa når ein skal halde kurs, spesielt dersom det er mange deltakarar du ikkje kjenner godt, og du ikkje er van med å halde kurs.

Den beste måten å handtere nervøsitet på er å vere godt førebudd. Nervøsiteten er gjerne mest intens dei første minutta etter at du har starta kurset. Dersom du veit at du truleg blir nervøs, er det lurt om du førebur dei første fem minutta ekstra godt og øver deg på det du skal seie og gjere.

Prøv å ikkje stresse når du snakkar. Pust djupt, og snakk roleg og tydeleg. Dersom du føler at nervøsiteten tek overhand, kan du godt fortelje deltakarane at du er nervøs. Då treng du ikkje lenger å anstrengje deg for å skjule nervøsiteten, og kroppen slappar meir av.

Gjennomføre

Etter at du har ønskt velkommen og presentert deg sjølv, bør du starte kurset med ei oversikt over kva du kjem til å gå igjennom, og korleis du har lagt opp kurset med omsyn til øvingar, oppgåver og bruk av maskiner undervegs.

Når deltakarane har tilgang til pc på kurset, vil mange gjerne prøve funksjonane på maskina si samtidig som du viser og forklarer dei. Det fører lett til at dei går glipp av noko du viser, eller at dei rotar seg bort i programmet, slik at du må avbryte for å hjelpe dei tilbake.

For å unngå for mange avbrot kan det vere lurt at du forklarer ein funksjon først og så gir deltakarane nokre minutt til å prøve han før du går vidare.

Når du viser funksjonar i eit program, bør du også forklare føremålet med dei og bruke døme, slik at deltakarane forstår både korleis funksjonane skal brukast, og kva dei kan bruke dei til.

Unngå å vise for mange måtar å gjere den same tingen på. Mange program har fleire alternativ for den same funksjonen. I dei fleste Office-pakkar finst til dømes dei mest brukte funksjonane både som eit menyval, som ein knapp, som ein hurtigtast og på ein høgreklikkmeny.

Du bør avslutte kurset med ei oppsummering av kva de har gått igjennom.

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022