Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Prosjekt: Arranger kurs for kvarandre

Du og medelevane dine har etter kvart opparbeidd dykk god kompetanse på enkelte program og system. No skal de arrangere ein dag eller ei veke der heile klassen skal kurse kvarandre.
Elevar presenterer gruppearbeid i klassserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har alle noko vi er skikkelege gode til, og som vi kan ein del om. No skal du og medelevane dine lære frå dykk kunnskap de har opparbeidd dykk innan eit fagfelt.

Ulike kurstema treng ulik mengde tid. Enkelte tema bør ha få deltakarar, og andre kan godt ha mange deltakarar. Opplæring i programvare kan krevje fleire timar og få deltakarar sidan du både må gå gjennom viktig funksjonalitet som er ny for deltakarane, og la kursdeltakarane prøve sjølve.

Meir teoretiske kurs om til dømes WCAG, datasikkerheit og personvernlovgiving kan vere korte eller lange alt etter kor djupt du som kurshaldar går inn i fagstoffet, og kor mykje tid du har tilgjengeleg. Her kan det normalt sett vere mange deltakarar, for her treng ikkje deltakarane like mykje oppfølging som i programvareopplæring.

oversikt over kursdag MED tre leksjonar
Leksjon 1Leksjon 2

Leksjon 3


1: 09.00–10.00
SQL WorkbenchTeiknebrettLær å designe
gode knappar

2: 10.15–11.15
Lag spel med
Scratch
Vignettar i
After Effects
Avanserte tricks i
Adobe XD
Lunsj---
3: 12.00–13.00Intro JSONInteraksjons-
design
Lag animasjonar
4: 13.15–14.15Universell
utforming

Avansert
JavaScript

Datasikkerheit

Sjå på tabellen over med tre parallelle leksjonar fordelte på fire økter på ein kursdag.

  1. Dersom du kunne ha valt deg eit kurs i kvar leksjon i alle øktene, kva ville du ha valt, og kvifor?

  2. Kva for nokre av desse temaa kunne du sjølv ha kursa andre i?

  3. Kva tema kunne du ha tenkt deg å halde kurs om?

1. Finn ut kva kurs de kan tilby

Lærarane må angi kor lange kursa skal vere, og om det går an samarbeide om å halde kurs. Det går an å ha nokre økter med korte kurs og nokre med lengre kurs, eller at alle kursa skal ha lik lengde.

Lærarane må samle inn kursforslag frå elevane og ut frå dette setje opp ein kursplan. Det kan setjast opp slik at alle skal delta på alle kursa, eller at det er leksjonar som går samtidig og elevane vel mellom fleire tilgjengelege kurs.

Dersom kursperioden går over fleire dagar, kan elevane stille med det same kurset to gonger, slik at elevane får prøve å halde eit kurs ein gong til.

Meld inn minst to kursforslag kvar

Beskriv følgjande for kvart kursforslag:

  • Kva er temaet for kurset?

  • Held du kurset åleine, eller skal du samarbeide med nokon?

  • Kva nivå er kurset berekna for – nybyrjarar eller vidarekomne?

  • Treng kursdeltakarane spesielle program eller bestemt utstyr?

  • Må de bruke av utstyret eller spesialrommet til skulen?

  • Kor lang varigheit bør kurset ha (30–120 minutt)?

  • Cirka kor mange kan delta på kurset (5–30 personar)?

  • Skriv ei kort beskriving til kursoversikta (tittel på kurset og 5–10 linjer om innhaldet i kurset).

2. Studer kursoversikta og meld dykk på kurs

Når lærarane har fått inn alle kursforslaga, set dei opp kursoversikta. Skal det vere fleire leksjonar, må det vere tydeleg og oversiktleg. Bruk titlane og dei korte beskrivingane frå kursforslagteksten. La elevane lese gjennom og melde seg på dei ulike kursa.

Det kan vere lurt og oversiktleg å bruke digitale skjema for å samle inn påmeldingane. Dersom elevane kan melde seg på kurs som går samtidig, må dei kunne kommunisere kva som er første, andre og tredje ønske.

Lærarane går gjennom påmeldingane og set opp ei oversikt over kva kurs som skal gå når, og kven som er deltakarar. Dersom det er nokon kurs som har svært mange påmelde og andre har svært få deltakarar, må dei gjere nokre justeringar.

3. Førebu og hald kurset

Førebu kurset de skal halde. Gå gjennom utstyr eller programvare, og lag ein plan. Lag materiell til deltakarane, som informasjon, enkle rettleiingar og presentasjon eller hefte. Set opp tidsplan og planlegg innhaldet. Kva gjer du dersom deltakarane har svært ulike behov samtidig, eller dersom nokre nesten ikkje har fått til noko og andre har komme gjennom alt?

I ressursane under får de fleire tips til korleis de planlegg og held kurs.

Hald kurset og ver opptekne av deltakarane og behova deira. Snakk roleg og tydeleg. Følg med om deltakarane har fått til viktige steg i eit program eller ein prosess før du går vidare.

4. Vurdering av kurset

Etter kursa skal både kurshaldarane og kursdeltakarane evaluere opplevinga. Slik kan kurshaldarane reflektere over eige arbeid og oppleving, og kursdeltakarane kan vurdere medelevar og gi lærerike tilbakemeldingar.

Bruk papirskjema eller digitalt skjema. Ved bruk av digitalt skjema kan deling av QR-kode vere smart og effektivt for at deltakarane skal få tilgang til skjemaet kjapt. Lærarane samlar inn svara og formidlar dei vidare til elevane.

Eigenvurdering av kurset
  1. Korleis opplevde du å halde kurs?

  2. Kva er du fornøgd med?

  3. Kva ville du ha endra?

  4. Kva kan du ta med deg vidare til ein annan gong du skal halde kurs?

Kvarandrevurdering av kurset

Ta omsyn til medeleven din og skriv vennlege og nyttige kommentarar. Lærarane formidlar svara vidare til den som har halde kurset.

Aktuelle spørsmål

  1. Korleis har du opplevd kurset?

  2. Kva har du lært?

  3. Korleis har medeleven din fungert som kurshaldar?

  4. Kva var bra med dette kurset?

  5. Kva kunne ha vore gjort annleis?

  6. Har du lært noko nytt om å halde kurs som du sjølv kan ta i bruk ein annan gong?


CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2022

Læringsressursar

Proaktiv IT-drift og brukarstøtte