Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er kairos og aptum?

For å treffe mottakaren med orda dine må du tenke over kva som er situasjonen, altså konteksten til teksten. Kairos set ord på kor viktig tilpassing til situasjonen er, og aptum peikar på at bodskapen må ha ei form som eignar seg til situasjonen.
Portrett av Donald Trump i profil framfor eit mikrofonstativ. Han har dress, raudt slips og smiler breitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kairos

Nokre situasjonar legg sterke føringar for at noko skal seiast, for kven som skal seie det, og for kva som skal seiast. Kommunikasjonssituasjonen består mellom anna av kven som er publikum, og staden og tidspunktet for talen. I retorikken kallar vi denne situasjonen kairos – "det rette tidspunktet". Ved å nytte moglegheitene som ligg i den aktuelle situasjonen, kan du forsterke verknaden av den retoriske teksten.

På same måte vil ei feilvurdering av kairos gjere at du ikkje når fram med bodskapen slik du ønsker. Viss du har førebudd deg på ein overtydande appell om å få lønnsauke i medarbeidarsamtalen, vil du ikkje nå fram med bodskapen om samtalen skjer rett etter eit allmøte der de har fått vite at selskapet er på randa av konkurs.

Tenk over / diskuter

Kva føringar ligg i desse to situasjonane? Kven snakkar, og korleis påverkar situasjonen kva dei seier, og korleis?

  1. ein utviklingssamtale på skulen
  2. ei gravferd

Aptum

Aptum betyr kvalifikasjonar eller formålstenlegheit. I retorikken handlar det om at ein tale må ha ei formålstenleg form. Viss talaren ikkje tilpassar kommunikasjonen til situasjonen, seier vi at talaren bryt krava til aptum.

Du må forme tekstane du lagar, slik at både innhald og språk eignar seg i kairos for teksten. Stemmebruk, kroppsspråk, klesplagg og andre sider ved utsjånaden som du kan gjere noko med, må også vere tilpassa både innhaldet, talaren og publikum.

Viss du bryt forventningane til aptum, skaper det gjerne reaksjonar fordi du bryt nokre normer hos mottakaren. Slike brot påverkar avsendaren sin Vi synest avsendarar som ikkje tilpassar seg situasjonen, er mindre truverdige. Eit døme er å opptre for uformelt i ein formell samanheng, som ein jobbsøkar som kjem til jobbintervju i holete klede, eller ein nyheitsopplesar som banner og bruker slang.

Tenk over / diskuter

Kva er krava til aptum i klasserommet, for både lærar og elevar?

Vi opplever aptum ulikt

Det ligg i forklaringa av omgrepa kairos og aptum at både avsendar og mottakar vil ha ulike oppfatningar kva som er passande eller upassande. Normene vi bruker når vi vurderer aptum, er i stor grad kulturbestemde. Samtidig finst det nokre allmenne oppfatningar om kva som blir sett på som høfleg og uhøfleg.

Eit døme som viser at det finst ulike oppfatningar, er dei delte reaksjonane på Donald Trumps politiske talar. Sjølv om mange vart sjokkerte over både språk og innhald i kommunikasjonen hans i valkampen og mens han var president, hadde han stor påverknadskraft hos store delar av veljarmassen i USA. Tilhengarane hans meinte at den direkte talen hans og den uformelle språklege stilen var forløysande, og at han snakka "språket deira". Slik vart det å bryte med normer og konvensjonar noko positivt for Trump.

Dette dømet viser at det ikkje alltid er så lett å vurdere kairos. I dagens digitaliserte samfunn er det ofte fleire mottakargrupper. Då er det òg vanskelegare å tilpasse seg kravet til aptum, og det er umogleg å tilpasse seg alle. Derfor må du velje kva mottakarar du først og fremst vender deg til, kven som er det retoriske publikummet ditt, og ha desse i tankane når du formar teksten din.

Tenk over / diskuter

Kjenne du til norske politikarar som bryt med krava til aptum, men som likevel får plusspoeng for dette hos enkelte norske veljarar? Kva slags konvensjonar bryt dei med?

Kjelde

Grue, J. (2020, 10. juli). Aptum. I Store norske leksikon. https://snl.no/aptum

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes, Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Retorikk