Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er etos, patos og logos?

Dei retoriske appellformene er verktøy som vart utforma for over to tusen år sidan, men som er like aktuelle i dag.
Smilande ung kvinne held ein plakat med ein smilande emoji ved sida av ansiktet sitt og ein plakat med ein sint emoji framfor ansiktet til ein mann som står ved sida av ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunsten å overtale har vore viktig til alle tider. Romaren Quintilian skreiv eit læreverk om dette allereie i år 95 e.Kr. For Quintilian var den viktigaste oppgåva til retorikken å gi verktøy til overtydande språkbruk. Han framheva særleg tre verkemiddel som verka overtydande, og det er desse vi kallar dei tre appellformene i retorikken:

  1. etos – det å spele på integriteten og truverdet til avsendaren
  2. patos – det å spele på kjenslene til mottakaren
  3. logos – det å spele på fornufta og intellektet til mottakaren med utgangspunkt i saka

Det er viktig at du kjenner til desse verkemidla, både når du skal forme din eigen kommunikasjon, og når du skal gjere ein retorisk analyse. I ein slik analyse prøver vi å finne ut korleis avsendaren prøver å nå fram til mottakaren med bodskapen sin. Då ser vi gjerne etter desse tre appellformene.

Retorikk i media

I filmen under ser du mange døme på korleis dei tre appellformene blir brukte for å nå fram med ulike typar bodskap.

Etter at du har sett filmen

Kvifor trur du det er så viktig å vite kven målgruppa er, når du skal lage reklamar eller haldningskampanjar?

Kor godt trur du kampanjen til Statens vegvesen trefte med bilbeltekampanjen som blir omtalt i filmen?

Etos

Når ein tekst speler på kvalitetar som truverd, velvilje, integritet, fagleg kompetanse og moral hos avsendaren, seier vi at etos står sterkt i teksten. Avsendaren vil prøve å verke truverdig for at vi skal vere meir positive til det som blir sagt i teksten.

I politiske og faglege spørsmål er ofte etos særleg viktig. Når vi stemmer på eit politisk parti ved stortingsvalet, stemmer vi ofte òg på ein statsministerkandidat. For denne er det viktig å stå fram med god etos og òg prøve å formidle god etos i debattar under valkampen. Ein statsministerkandidat som ikkje verkar truverdig og som eit godt menneske, vil ikkje sanke mange stemmer ved valet. Derfor er det ofte avgjerande at vedkommande på alle måtar greier å verke truverdig og verdig tilliten vår. Vi kan trekke fram fire eigenskapar som særleg er med på å styrke truverdet til den som taler: forstandigheit, dyd, velvilje og autentisitet.

Forstandigheit

Verkar talaren som klok, kunnskapsrik og erfaren? I mange spørsmål er det avgjerande at den som uttaler seg, faktisk har greie på det vedkommande snakkar om. Utdanning og erfaring innanfor det aktuelle saksområdet er som regel alltid ein fordel.

Dyd

Verkar talaren som eit menneske med gode verdiar og høg moral? Særleg i etiske og moralske spørsmål er det viktig at den som uttaler seg, sjølv framstår som eit godt menneske. Som mottakarar forventar vi at det er samsvar mellom liv og lære.

Velvilje

Viser talaren respekt og velvilje overfor tilhøyrarane? Talarar som ikkje viser interesse for tilhøyraren, mistar som regel fort publikummet sitt. Evna til å ikkje berre snakke, men òg lytte og å ta til seg kritikk og tilbakemeldingar blir oppfatta som ein positiv eigenskap, og det gjer at talaren verkar sympatisk.

Autentisitet

Verkar talaren ekte og truverdig, og som den same personen heile tida? Dersom vi skal ta imot råd eller la oss overtale av nokon, vil vi gjerne vite kva slags menneske vi har med å gjere. Det kan vere viktig at avsendarane verkar som at dei er seg sjølve og ikkje minst er ekte heile tida. Personar som snur kappa etter vinden og speler ulike roller for ulike publikum, kan bli sett på som upålitelege.

Patos

Kvifor treffer nokon reklamar oss rett i hjartet? Sannsynlegvis nyttar dei den retoriske appellforma vi kallar patos, å appellere til kjensler.

Å spele på kjenslene til mottakaren er eit sterkt verkemiddel, og det er særleg brukt mykje i reklame, marknadsføring og haldningskampanjar. Vi blir ofte gjorde merksame på at noko er feil eller at vi manglar noko, og vi får samtidig vite korleis vi kan gjere noko med dette.

Det er fleire måtar ein kan vekke kjensler på for å inspirere og overtyde mottakaren. Det kan gjerast ved å skape sterke sanseinntrykk ved hjelp av lyd og sterke bilete, eller ein kan gi detaljerte skildringar av ein aktuell situasjon i saka. Det viktigaste verkemiddelet er likevel å uttrykke dei same kjenslene som ein prøver å vekke hos mottakaren. Ein engasjert talar får ofte eit meir engasjert publikum.

Logos

For den greske filosofen Aristoteles var den viktigaste forma for appell den som konsentrerte seg om sjølve saka. I retorikken kallar vi denne forma logos. Ved å spele på fornuft og det som er mest sannsynleg, får teksten logosappell. Når vi argumenterer for ei sak gjennom å peike på kva som er fornuftig og sannsynleg, rettar vi fokuset mot nettopp saka og bort frå utanforliggande faktorar som ikkje burde påverke oss.

For å vurdere logosappellen til ein tekst, må du vurdere om argumenta er sannsynlege og logisk haldbare.

Tenk over / diskuter

Korleis hadde innlegga på sosiale medium set ut om det berre var tillate å bruke logosappell? Hadde det vore ein positiv eller negativ utvikling?

Kjelde

Grue, J. (2019, 29. juni). Logos. I Store norske leksikon. https://snl.no/logos_-_retorikk

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Retorikk