Hopp til innhald

Fagstoff

Retorikk – ein kommunikasjonsteori

Kva er retorikk, og korleis kan du bruke retoriske teoriar og omgrep i møtet med ulike tekstar?

Retorikk = kunsten å påverke andre

Som du ser av videoen øvst, handlar retorikk om kommunikasjon. Kva du seier, er viktig, men det er minst like viktig korleis du seier noko. Retorikk kan kort bli definert som kunsten å påverke og overtyde andre, men vi bruker òg kunnskap om retorikk til å avsløre når andre prøver å overtyde oss.

Tenk over / diskuter

Kva er dei største endringane dei siste 2000 åra i korleis menneske kommuniserer med kvarandre? Kvifor trur du retorikken framleis er relevant?

Den eldste teorien om kommunikasjon

Retorikken er faktisk den eldste av kommunikasjonsteoriane vi kjenner til. Han vart utvikla på 400-talet f.Kr. i den greske kolonien på Sicilia. På denne tida vart tyrannen Syrakus styrta, og folket ønskte å styre kolonien sjølv. Offentlege forhandlingar og diskusjonar var eit viktig prinsipp i demokratiet, og det vart viktig å kunne føre si eiga sak. Dette gjorde at folk fekk behov for verktøy og metodar i talekunst, og retorikken vart etter kvart eit viktig fag. Kunnskap om retorikk gjorde det mogleg for alle å legge fram syner sitt på best mogleg måte.

Framleis aktuelt

Retorikken viser oss korleis vi kan forme, styre og påverke omverda gjennom språket. I samfunnet vårt er det viktig at vi er klar over dette, no som vi har kraftigare verktøy for å nå ut til og påverke andre enn nokon gong tidlegare.

I dag har retorikken høgare status enn på lenge. Særleg tydeleg ser vi dette innanfor politikken. Både under valkampar i USA og under dei siste valkampane i Noreg har kommentatorane ofte vore like opptekne av korleis talarane kommuniserer, som av kva dei faktisk seier.

Retorisk analyse handlar om å utforske samspelet mellom kommunikasjon, kontekst og roller som avsendar og mottakar. Dette er omgrep du truleg kjenner til frå andre teoriar om kommunikasjon. Retorikken har spesielt gode verktøy til å undersøke kva strategiar avsendaren nyttar for å nå fram til og påverke mottakaren med bodskapen sin. Retorikken har òg omgrep som konkret seier noko om korleis kjensler påverkar kommunikasjonen.

Tenk over / diskuter

Kvar passar kjensler inn i modellar og teoriar om kommunikasjon som du kjenner til frå før? Kor viktig er kjensler for korleis vi kommuniserer?

Sentrale omgrep

Viss du skal gjere ein retorisk analyse av ulike tekstar eller bruke verktøya i retorikken til å skape eigne tekstar, er det nokre sentrale omgrep du må kjenne til:

Kairos

Kairos handlar om å bruke rett ord til rett tid. I ein analyse ser du då på kommunikasjonssituasjonen og på korleis bodskapen er tilpassa til, og påverka av, publikum, stad og tidspunkt.

Aptum

Aptum handlar om å bruke form og innhald som passar til situasjonen. Kva som er passande i ein gitt situasjon, blir bestemd av konvensjonar for kommunikasjon, som ofte er kulturbestemde.

Topos

Topos handlar om kva saksområde eller tematiske landskap vi hentar argument og vinklingar frå. Sjølve ordet topos betyr opphavleg "stad", og i retorikken bruker vi topos om ein stad i overført tyding.

Dei retoriske appellformene etos, patos og logos

Etos, patos og logos er viktige grep i retorikken. Dei set ord på tre ulike måtar du kan nå fram med ein bodskap på. Dei tre appellformene handlar i korte trekk om å appellere både til kjensler (patos) og fornuft (logos) og å stå fram som ein truverdig og velmeinande avsendar (etos).

Den retoriske situasjonen

Den retoriske situasjonen er eit omgrep frå nyare tid. Det peikar på faktorar i situasjonskonteksten for kommunikasjonen som er viktige for å forstå eller forme ut ein bodskap. I ein retorisk situasjon er det eit retorisk problem som kan løysast ved å påverke eller overtyde mottakaren, det retoriske publikummet. Trekk ved den retoriske situasjonen som påverkar korleis ein kan løyse det retoriske problemet, blir kalla tvingande omstende. Dette kan vere relasjonen du har til mottakar, ting i dei fysiske omgivnadene for kommunikasjonen eller tid og stad.

Kjelder

Grue, J. (2020, 10. juli ). Aptum. I Store norske leksikon. https://snl.no/aptum

Østby, E. (2019, 21. august). Antikken. I Store norske leksikon. https://snl.no/antikken

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes, Torgrim Gram Økland, Caroline Nesbø Baker, Christian Lund og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Retorikk