Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Løys eit retorisk problem

Korleis kan du bruke grep frå retorikken til å kommunisere ein bodskap på ein mest mogleg effektiv måte?
Eit skilt som viser kjønnsnøytralt toalett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Definer retoriske problem

Eit retorisk problem er eit påtrengande problem eller behov som kan løysast gjennom retorikk, altså gjennom å påverke nokon ved hjelp av kommunikasjon.

Definer problem de som elevar opplever på skulen, som kan løysast gjennom å påverke dei rette folka ved hjelp av ein retorisk tekst.

Forslag til retoriske problem:

  • å gjere toaletta på skulen kjønnsnøytrale

  • å få slutt på sosial ekskludering i russetida

  • å få seinare oppstart av skuledagen

Del 2: Lag ein strategi for å løyse problemet

Gå saman i par eller grupper og vel eitt av dei retoriske problema som de opplever i kraft av å vere skuleelevar. No skal de lage ein retorisk strategi der de bruker kunnskap om retorikk til å planlegge framføringa av ein munnleg tekst som best mogleg utnyttar moglegheitene til å påverke og løyse problemet.

Du finn ei oversikt over retoriske grep og verktøy de kan bruke, i ressursane i boksen etter spørsmåla.

  1. Kven er det som har makt til å løyse problemet dykkar? Det vil seie: Kven er det retoriske publikummet de må rette bodskapen dykkar inn mot? Er det rektor, lærarar, rådgivarar, medelevar eller fleire av desse?

  2. Kva vil vere eit godt høve til å framføre den retoriske teksten for at han skal ha størst mogleg påverknadskraft?

  3. Kva for nokre tematiske landskap, topoi, kan de hente argument frå? Her er det viktig å finne argument som kviler på kulturelle førestillingar og verdiar som de trur at mottakarane deler med dykk.

  4. Korleis kan de stå fram som mest mogleg truverdige avsendarar av bodskapen?

  5. Kva for nokre kjenslemessige knappar er lure å trykke på hos det retoriske publikummet dykkar? Kva kjensler vil de appellere til, og kva verkemiddel vil de bruke?

  6. Er argumenta de bruker, haldbare og sannsynlege?

  7. Kva stil, form, oppbygging og vinkling trur de vil opplevast som mest passande i denne kommunikasjonssituasjonen? Er det normer eller konvensjonar for kommunikasjon som de må passe på å ikkje bryte med?

Nyttige ressursar om retorikk

Retorikk – ein kommunikasjonsteori

Kva er etos, patos og logos?

Kva er kairos og aptum?

Kva er topos?

Ein strategi for å overtyde

Del 3: Presenter og vurder dei retoriske grepa

Presenter tekstane og den retoriske strategien for klassen.

Etterpå tek kvar gruppe ansvaret for å gi tilbakemeldingar til ei anna gruppe i form av ein samtale.

  • Vurder den retoriske strategien deira og kor vellykka han var. Klarer dei å overtyde det retoriske publikummet? Kvifor eller kvifor ikkje?

  • Grunngi vurderinga på ein vennleg og sakleg måte med bruk av fagomgrep frå retorikk og kommunikasjon.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Retorikk