Hopp til innhald
Oppgåve

Kva for nokre retoriske grep bruker Forsvaret?

Forsvaret har med jamne mellomrom omdømmekampanjar. Kven vil dei nå med desse kampanjane, og kva for nokre retoriske grep bruker dei for å nå fram med bodskapen sin?

Forsvaret

Diskuter

Kva veit de om Forsvaret, og kva verdiar knyter de til militæret?

Forsvaret lanserte kampanjen: "For alt vi har. Og alt vi er" for første gong i 2012. Foto, logo og verbaltekst vart brukt i seks ulike annonsar. Seinare har dei brukt endå meir samansette uttrykk. I 2018 kom filmen Fantastiske ingenting, og i 2021 kom Det var en gang et land. I denne oppgåva skal de samanlikne ein av annonsane frå 2012 med ein av reklamefilmane.

Oppgåve 1. Samanlikn to retoriske tekstar

Vel ein av annonsane og ein av filmane frå tekstboksen over.

Korleis bruker dei ulike verkemiddel for å nå fram med den same bodskapen? Bruk Venndiagrammet under som utgangspunkt for ei samanlikning av verkemiddelbruken i dei to tekstane.

Oppgåve 2. Retorisk analyse

Gjer ein retorisk analyse av anten annonsen eller reklamefilmen du samanlikna over. Bruk punkta under til å skape ein god struktur i analysen din. Du kan òg få tips i artikkelen om retorisk analyse.

Den retoriske situasjonen

Når du skal gjere greie for den retoriske situasjonen til ein tekst, skal du vurdere den konteksten han kom ut i.

  • Presenter avsendaren og korleis dei formidlar bodskapen sin til målgruppa si.

  • Kva er det retoriske problemet teksten skal løyse for Forsvaret?

  • Kven er det retoriske publikummet som Forsvaret vender seg til?

  • I kva høve er teksten skapt? Presenter konteksten

  • Kva er dei tvingande omstenda for teksten?

Appellformene: etos, patos og logos

Vurder korleis verkemidla i teksten kan koplast til dei retoriske appellformene:

Etosappell

  • Innleiande etos: Kva oppfatning har du av Forsvaret frå før? Grunngi kvifor.

  • Avleidd etos: Kva inntrykk får du av Forsvaret gjennom kampanjen? Styrkar eller svekker dei etosen sin? Grunngi kvifor.

  • Endeleg etos: Kva heilskapsinntrykk av Forsvaret sit du igjen med til slutt?

Patosappell

Kva verkemiddel blir nytta for å skape engasjement og til å spele på kjenslene til mottakarane?

Logosappell

  • Har teksten saksinformasjon og argument som speler på fornuft og sannsyn?

  • Korleis er argumentasjonen bygd opp?

  • Er argumentasjonen haldbar og relevant?

Vurder topos

Topos handlar om kvar avsendaren finn argument for å overtyde. Bruker Forsvaret oppfatningar det er semje om, som utgangspunkt for kampanjen sin?

  • Kva verdiar og haldningar formidlar kampanjen, og kvifor har Forsvaret valt å framstille det slik?

  • Deler du eller folk flest verdiane og oppfatningane i teksten?

  • Er dette argument vi vanlegvis tek for gitt, og går det an å sjå det på fleire måtar?

Aptum og kairos

Samanfatt heilskapsinntrykket av teksten.

  • Kor godt fyller teksten krava til aptum (det som er passande)?

  • Er språk, tone og stil høveleg (passande) i den spesifikke konteksten, eller bryt det med forventningar, normer og konvensjonar for sjanger og kommunikasjon?

  • Klarer avsendaren å utnytte kairos på ein god måte, det vil seie å gripe augneblinken, "lese rommet" og seie dei rette orda til rett tid?

  • Kor vellykka er dei samla retoriske grepa i teksten? Er teksten eigna til å løyse det retoriske problemet, og når avsendaren ut til det retoriske publikummet?

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er topos?

Kva betyr det retoriske omgrepet "topos", og kvifor er det nyttig?

Fagstoff
Kva er etos, patos og logos?

Retorikk handlar om korleis avsendaren kan bruke språket og appellformene etos, patos og logos for å overtyde mottakarane.