Oppgåve
Påstandar om vondskap
Vondskap kan vere vanskeleg å forstå og forklare. Reflekter over påstandar om vondskap og diskuter dei med andre.
Reflekter over påstandane i nokre minutt på eiga hand før du diskuterer dei med andre.
Påstandar om vondskap:
- Det vondes problem er eit godt argument mot Guds eksistens.
- Det er ikkje mogleg å sjå føre seg ei verd utan vondskap og liding.
- Alle menneske kan utføre vonde handlingar.
- Det finst ikkje vonde personar, berre vonde handlingar.
- Det er ikkje relevant å bruke religion til å forstå terrorhandlingane 22. juli.