Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Påstandar om vondskap

Vondskap kan vere vanskeleg å forstå og forklare. Reflekter over påstandar om vondskap og diskuter dei med andre.
Udatert bilde som viser utvelgelsesrutinen ved Auschwitz. Ungarske jødar står oppstilt langs jernbanesporet som endar i konsentrasjonsleiren. Menn til høgre, kvinner og barn til venstre. Føre dei står offiserane som skal gjera utvelgelsen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reflekter over påstandane i nokre minutt på eiga hand før du diskuterer dei med andre.

Påstandar om vondskap:

  • Det vondes problem er eit godt argument mot Guds eksistens.
  • Det er ikkje mogleg å sjå føre seg ei verd utan vondskap og liding.
  • Alle menneske kan utføre vonde handlingar.
  • Det finst ikkje vonde personar, berre vonde handlingar.
  • Det er ikkje relevant å bruke religion til å forstå terrorhandlingane 22. juli.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Vondskap