Hopp til innhald

Fagstoff

Teodicé

Kvifor finst det vondskap i verda viss Gud er allvitande, allmektig og god? Dette er kjernen i det vondes problem.
Måleriet førestiller ei gruppe bønder i folkedrakter som er samla i ein enkel, mørk stove for å høyra på ein predikant. Dei er alvorlege. Predikanten står på ein krakk midt i rommet og held ei bok. Ein forstår ut frå tittelen at mannen er tilknytta den kristne vekkelsesbevegelsen haugianismen på byrjinga av 1800-talet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løn i himmelen

Dei fleste religionar tilbyr eit håp om eit betre tilvære etter det jordiske livet. Ei slik førestilling gjer det enklare å halde ut liding og vondskap, men det gir inga forklaring på kvifor vondskap og liding finst. I kristendommen, spesielt i protestantisk kristendom, har det å jobbe hardt og halde ut plagene i livet, vore ein dyd. Det å vere tolmodig og trufast til Gud når ein opplever motgang og liding, er sentralt òg i islam.

I mange religionar finn vi oppfatninga om at lidinga og det vonde er nødvendigheiter, fordi at utan at vi møter dette, kan vi ikkje bli komplette, gode menneske. Liding kan òg bli sett på som ein test på om ein er verd si løn i himmelen. Då får vondskapen og lidinga ei meining, og først då kan vi kalle det ein teodicé. Ein teodicé er eit forsøk på å gi ei løysing på det vondes problem.

Guds straff

Det vondes problem er mest relevant i dei monoteistiske religionane som trur på ein allvitande, allmektig og god gud. I Bibelen og Koranen finn vi fleire mytar som fortel om at menneske blir straffa av Gud. Då er lidinga ei rettferdig liding.

Eit eksempel er forteljinga om Noah. I denne myten ser Gud at menneska er fylte med vondskap, og han bestemmer seg for å utslette menneska og la Noah og familien hans føre menneskeslekta vidare. Resten av menneska blir utsletta i ein veldig flom. Her blir ein stor naturkatastrofe forklart som Guds straff over menneskeslekta og eit uttrykk for Guds rettferd. Vondskapen i denne forteljinga er det menneska som står for.

Historia om Job

Illustrasjon av William Blake fra 1825. Fra Jobs bok i Bibelen der Gud svarer Job ut av en storm.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teodicéen om Guds straff gir ikkje svar på kvifor tilsynelatande heilt uskuldige menneske lir. Historia om Job i Det gamle testamentet tek for seg dette spørsmålet. Job er ein vellukka mann som lever eit gudfryktig liv. Jobs bok fortel om at Job sin truskap til Gud blir sett på prøve av Djevelen ved at alt Job eig blir teke frå han, barna døyr, og til slutt blir han sjølv påført sjukdom og smerte. Job held fast ved trua si, men han har store problem med å forstå kva han har gjort for å fortene dette. Til slutt viser Gud seg for Job og får han til å innsjå at eit mennesket ikkje kan sjå heilskapen i skaparverket. Mennesket kan derfor heller ikkje forstå Guds motiv, og det er meiningslaust å setje spørsmålsteikn ved det Gud gjer eller tillét at hender.

Jobs bok tilbyr altså ein teodicé om eit større gode. Sjølv om hendingar og situasjonar verkar meiningslaust vonde eller lidingsfulle, er dei del av ein større heilskap som er god, men som er for komplisert for at vi menneske kan fatte den. Job vert òg omtala i Koranen, men her er det lagt mest vekt på Job som eit tolmodig og trufast førebilete.

Fri vilje

Eit argument som har fått stadig større oppslutning i fleire religionar, er det såkalla “fri vilje-forsvaret”. Ifølgje denne teodicéen er vondskap og liding ein konsekvens av at Gud har gitt menneska fri vilje. Dersom menneska hadde vore skapt utan evne til å gjere vonde eller dårlege handlingar, ville vi vore som snille robotar. Det ville vore ei meiningslaus verd, ei slags “leikeverd” for Gud der menneska ikkje hadde vore i stand til å utvikle eit sjølvstendig forhold til sin skapar.

Denne teodicéen forklarer først og fremst menneskelege handlingar, og ikkje naturkatastrofar, sjukdom og liknande. Eit forslag til løysing på dette har vore å legge skulda på overnaturlege skapningar som demonar eller djevelen som òg har fått fri vilje. Ei anna løysing er å seie at vi utviklar evna til å bruke vår frie vilje best i ei verd der vi må leve med ein natur som òg kan påføre oss liding. Dette er altså den beste moglege verda vi kunne eksistert i med fri vilje.

Kva om premissane er gale?

Teodicéane som er nemnt her kan vi finne variantar av i fleire religionar, men i enkelte religionar er ikkje problemet like relevant. Det er nemleg mange religiøse som ikkje er einige i premissane om at Gud er ein allmektig og god skapargud. I polyteistiske religionar som norrøn, gresk og romersk mytologi og i mange former for hinduisme kan skulda for vondskapen leggjast på vonde gudar eller gudar som ikkje berre er gode eller perfekte.

Vondskap og liding som straff frå gudane er òg ei vanleg forklaring her. Den iranske religionen zoroastrisme og den no utdøydde manikeismen har begge dualistiske gudssyn – det vil seie at gud er to. Verda er ifølgje desse prega av kampen mellom den gode og den vonde gud. Katarene var ei kristen retning i Europa som blei utrydda i mellomalderen. Deira dualistiske gudssyn gjekk ut på at skaparguden, som ein kunne lese om i Det gamle testamentet, var ein vond gud, medan frelsarguden i Det nye testamentet var god.

Buddhismen har ingen skapargud. I buddhismen er alt i denne verda knytt til liding. Det er slik verda fungerer så lenge vi knytter oss til ho gjennom begjæret vårt. Men det er inga meining bak lidinga, og det er ingen å skulde på, andre enn oss sjølve som lar oss freiste til å knyte oss til materielle gode. Det finst tallause variantar av tru på gudar, og det vondes problem er altså først og fremst relevant dersom ein meiner at det finst ein god og allmektig gud.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Vondskap