Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

22. juli 2011

22. juli 2011 blei Noreg råka av det verste terroråtaket sidan andre verdskrigen. I ettertid har det vore mange forsøk på å forstå korleis dette kunne skje. Samstundes har det vore viktig å ikkje la fokuset på gjerningsmannen overskyggje ofra sine historier.
Skadd person blir frakta bort på båra av helsepersonell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

77 personar blei drepne i terroråtaket mot regjeringskvartalet og Arbeiderpartiet sin ungdomsleir på Utøya i 2011. Gjerningsmannen, Anders Behring Breivik, utløyste først ei bombe på nærare 1000 kilo i regjeringskvartalet, og gjennomførte deretter ein massakre mot Arbeiderpartiet sin ungdomsleir på Utøya. I tillegg til at 77 personar blei drepne, fekk fleire hundre personar store fysiske og psykiske skadar som følge av åtaka.

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg skildra hendingane 22. juli som «vondskapen». I denne oppgåva skal vi først sjå på korleis eit av ofra opplevde 22. juli og tida etterpå. Deretter skal vi sjå på nokre ulike forsøk på å forklare bakgrunnen for hendinga. Til slutt skal vi diskutere korleis ein kan forhindre liknande aksjonar i framtida.

Oppgåve 1: Ofra for 22. juli-terroren

Sjå filmen og svar på oppgåvene:

  • Korleis beskriv Viljar terroraksjonen 22. juli og tida etterpå?
  • Kvifor er det viktig å setje seg inn i ofra sine erfaringar og opplevingar når ein skal forstå grufulle handlingar?

Forteljinga til Viljar er berre ei av mange historier. På 22 juli-senteret kan du utforske andre vitneforteljingar. Del gjerne klassen i grupper og presenter ulike forteljingar for kvarandre.

Oppgåve 2: Korleis kunne dette skje i Noreg?

Korleis kunne terroren 22. juli skje? Her kan du utforske nokre ulike perspektiv på hendingane 22. juli. Start med den påstanden du tenkjer er viktigast, og undersøk minst tre ulike forklaringar.

  • Diskuter kva som er dei viktigaste årsakene til 22 juli.
  • Gi eksempel på korleis ulike forklaringar på 22. juli kan utfylle kvarandre.
  • Er det mogleg å forstå 22. juli. Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgåve 3: Meir openheit og demokrati!

Sjå filmen og svar på oppgåvene:

I rosetoget til minne om 22. juli sa statsminister Jens Stoltenberg at Noreg sitt svar på terroraksjonen 22. juli burde vere meir openheit og demokrati. Dette var ein kontrast til andre land, som etter terroraksjonar har svart med militæraksjonar og strengare kontroll. Samstundes har også Noreg etter terroraksjonen i 2011 brukt store ressursar på å styrke politiet si overvaking og terrorberedskap.

  • Skriv ein kort tekst der du reflekterer over korleis vi best kan førebyggje og gjere ende på hendingar som 22. juli.

Kjelder:

Seierstad, Å. (2013). En av oss. En fortelling om Norge. Oslo: Kagge forlag.

Vetlesen, A.J (2014). Studier i ondskap. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Vondskap