Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det vondes problem

Det vondes problem er eit paradoks som har oppteke mange opp gjennom historia. Her blir problemet diskutert av ei gruppe dramaelevar ved Elvebakken vidaregåande skule i Oslo.

Oppgåve 1. Kva er vondskap?

Diskuter desse spørsmåla før de ser filmen:

  1. Kva er vondskap?

  2. Kvifor gjer nokon vonde handlingar?

  3. Kvifor kan vondskap vere ei utfordring for nokon som trur på ein allmektig og god Gud?

Oppgåve 2. Det vondes problem

Sjå filmen og diskuter:

  1. Kva er “Det vondes problem”?

  2. Korleis stiller dei ulike personane i filmen seg til "det vondes problem"? Vel minst tre døme.

  3. Kvifor trur de vondskap er eit viktig spørsmål for mange religiøse og ikkje-religiøse menneske?

  4. Trur de det er mogleg å finne eit svar på kvifor vondskap eksisterer?

Oppgåve 3. Faktasjekk

Klara påstår at hinduar ikkje skal hjelpe fattige eller dei som har det vanskeleg i livet, fordi det kjem av at dei har gjort noko dumt i tidlegare liv, og at dei derfor fortener det. Bruk bøker, internett eller andre kjelder og gjer ein faktasjekk på denne påstanden. Snakk saman om kva de fann ut, og korleis de gjekk fram for å finne ut av det.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Vondskap