Lag eit arrangement!
Slepp fantasien laus og lag eit arrangement for ei gruppe, for klassen, for føresette, for trinnet eller for heile skulen!
I denne oppgåva får de bruk for det de til no har lært om å vere vertskap for eit arrangement.
Klasseoppgåve
Lag eit arrangement som er tilpassa moglegheitene og føresetnadene til klassen. Hugs å snakke med læraren og rektor om de ønskjer å gjennomføre arrangementet på skulen.
Tips og idear
- ein innsamlingsaksjon – til dømes til ei god sak
- Operasjon Dagsverk
- innsamling til klassetur – arranger middag og underhaldning for føresette og venner (inngangsbillettar og sal av mat)
- ei julemesse på skulen, der overskotet går til ei god sak
- ein påskefrukost på skulen, der overskotet går til ei god sak
- ei utflukt eller ein tur for klassen
- eit karneval for Vg1-elevar
Det er mogleg å gå rundt til butikkar og bedrifter i nærområdet og spørje om bidrag i form av råvarer, premiar og anna.
Dette må de gjere:
- Bli samde om kva slags arrangement de skal ha, og for kven de skal ha det.
- Bli samde om dato, tid og stad.
- Bli samde om kven som skal ha ansvar for kva, til dømes:
- hovudansvarleg, leiar
- ansvarleg for booking av stad/rom/transport
- ansvarleg for å hente inn informasjon
- ansvarleg for underhaldning
- ansvarleg for invitasjonar og marknadsføring
- ansvarleg for oppfølging på sosiale medium
- ansvarleg for innsamling av råvarer/premiar
- ansvarleg for tilrigging/opprydding
- ansvarleg for rekneskap
- ansvarleg for arbeidsfordeling og timar
- ansvarleg for sikkerheit og beredskap
- berekraftsansvarleg
- ansvarleg for evaluering og oppfølging
Følg lista i "Slik planlegg du en vellykka event" i det vidare arbeidet, og bruk "Sjekklister og gjennomføring" når datoen for gjennomføring nærmar seg.
Lykke til, og ha det kjekt!
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020