Vertskap for gjestar med spesielle behov
Møter du ein gjest som bruker kvit stav eller har førarhund, skal du ta verbal kontakt med ein gong slik at vedkomande veit at du er til stades og er tilgjengeleg. Gjesten er på ein ny stad og kjenner ikkje til korleis møblane er plasserte, eller kvar dørene er. Ein synshemma gjest vil helst ha opne dører og gangar eller passasjar utan hindringar.
Beskriv omgivnadene godt for gjesten, og følg gjesten til rommet, restauranten eller andre stader som han eller ho ønskjer å bruke under opphaldet. På denne måten blir det enklare for gjesten å finne fram på eiga hand seinare. På eit hotell er det viktig at du informerer godt og viser kvar næraste nødutgang er.
For gjestar som er høyrslehemma, er det viktig med tydeleg tale og augekontakt, slik at de kan blir samde om ein eigna måte å kommunisere på. Dei fleste høyrslehemma bruker teiknspråk, og mange er også trena i å lese på munnen. Derfor er visuell kontakt med deg viktig. I dei fleste tilfella er penn og papir den viktigaste reiskapen for å kommunisere med kvarandre.
Funksjonshemma som er avhengige av assistanse, har ofte med seg følgje. Det er likevel viktig at du som vert gjer dei merksame på at du er tilgjengeleg om dei treng meir hjelp.
Eldre menneske som har vanskar med å gå, familiar med små barn og ungdomsgrupper – alle ønskjer dei å bli tekne imot på ein positiv måte.
Det er lett å tenkje at eldre menneske berre klagar og er til bry, at familiar med små barn lagar mykje støy, og at ungdomsgrupper fort oppfører seg slik at andre gjestar klagar. Derfor er det viktig at vi allereie når gjestane kjem, sender signal om at alle er velkomne. Som vert skal du få alle til å kjenne seg velkomne, og då hjelper det godt med eit positivt kroppsspråk. Hugs berre at vi ikkje alltid kan ha det same kroppsspråket overfor eldre menneske som overfor ungdommar!
Møter du ein gjest som ikkje ser ut til å forstå deg når du snakkar på norsk, så snakk til han eller henne på engelsk. På denne måten får du kunnskap om kva nasjonalitet gjesten har.
Ofte tek vi det for gitt at gjestar med utanlandsk utsjånad ikkje snakkar norsk. Slik er det sjølvsagt ikkje! Det er derfor viktig at dette er avklart før vi går vidare med samtalen.