Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bedrifta sitt ansikt mot publikum

Kø ved innsjekking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Du er resepsjonist. Det kjem nye gjestar. Du veit at hotellet er overbooka, og at du må flytte dei til nabohotellet som har lågare standard.

  1. Korleis kan du rydde opp i denne situasjonen, slik at hotellet sitt omdømme ikkje blir skadelidande?
  2. Trass i forsøka dine på å rydde opp i situasjonen blir dei nye gjestane hissige. Kva gjer du?

Oppgåve 2

  1. Forklar hensikta med å bruke uniform.
  2. Finn døme på ulike uniformer i ulike reiselivsbedrifter. Kva skil dei ulike uniformene frå kvarandre, og kvifor trur du dei har valt den uniformen dei har i bedrifta?

Relatert innhald

Korleis vi er kledde, og korleis vi representerer arbeidsplassen vår overfor kundar og gjester, har mykje å seie for omdømmet til bedrifta.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.12.2018

Læringsressursar

Vertskapsrolla