Personleg framferd og åtferd
Vertskapsrolla handlar ikkje berre om å ønskje velkommen, men òg om å bidra til at heilskapsinntrykket av bedrifta blir positivt. Eit positivt heilskapsinntrykk er viktig både for omdømmet til bedrifta og for å etablere lojalitet hos gjestane. Som vertskap i reiselivsbransjen er det heilt nødvendig at du evnar å ta hand om mange typar menneske.
Det første møtet er alltid viktig. Førsteinntrykket gir deg ofte eit lite innblikk i personlegdommen til gjesten, men det kan òg sende deg i feil retning. Du kan komme i skade for å gjere deg opp ei meining om vedkommande som kan vise seg å vere feil. Det er derfor viktig at åtferda di viser at du som profesjonell representant for arbeidsplassen prøver å skaffe innsikt i kva behov og ønskjer gjesten har.
Det er lett å dømme folk etter førsteinntrykket. Men hugs at jobben din er å gjere ditt beste for at alle gjestene skal føle seg velkomne.
Ønskjer vi ein gjest velkommen med eit smil, skaper vi ein positiv relasjon. Det er viktig å tenkje på at du sender ut signal som gjestene ser på som positive.
Rolla di som vert vil bli lagd merke til av gjestane, og det er viktig å gjere sitt beste for at kvar enkelt gjest blir teken vare på. Eit profesjonelt vertskap sørgjer for at alle gjestane har det triveleg.