Korleis vertskapet skal te seg
Eit vertskap er først og fremst den eller dei som tek imot gjestane og føler eit ansvar for at dei skal trivast og ønskje å kome tilbake. Vertskapsrolla handlar ikkje berre om å ønskje velkomen, men òg om å bidra til at heilskapsinntrykket av bedrifta blir positivt.
Det første møtet er alltid viktig. Førsteinntrykket gir oss ofte eit lite innblikk i personlegdommen til gjesten, men det kan òg sende oss i feil retning, og vi kan kome i skade for å gjere oss opp ei meining om vedkomande som kan vise seg å vere feil. Det er derfor viktig at åtferda vår viser at vi som profesjonelle representantar for arbeidsplassen prøver å skaffe oss innsikt i kva behov og ønske gjesten har.
Det er lett å døme folk etter førsteinntrykket, men hugs at jobben vår er å gjere vårt beste for at alle gjestar skal kjenne seg velkomne.
Ønskjer vi ein gjest velkomen med eit smil, skaper vi ein positiv relasjon. Det er viktig å tenkje på at du sender ut signal som gjestane ser på som positive.
Gjestane legg merke til rolla di, og det er viktig at du gjer ditt beste for å ta vare på kvar enkelt gjest. Eit profesjonelt vertskap passar på at alle gjestane har det triveleg.
Tenk over
Møter vi ein gjest med eit smil og ei open haldning, gir vi eit positivt førsteinntrykk. På kva andre måtar kan vi møte ein gjest slik at ho eller han kjenner seg velkomen?