Hopp til innhald

Fagstoff

Visit Bergen – privat regionalt samarbeid

Visit Bergen er eit døme på ein regional samarbeidsorganisasjon. Han er ikkje organisert av det offentlege, men er ein privat, medlemsbasert næringslivsorganisasjon.
Bergen sett i fugleperspektiv, eit bogekorps som marsjerer i gatene, sjøbuene på Bryggen, og Gamlehaugen. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visit Bergen

Visit Bergen dekkjer ti kommunar og driftar òg Turistinformasjonen i Bergen og nettsida visitbergen.com. Selskapet har som føremål å organisere og marknadsføre reiselivs- og opplevingsverksemder i regionen, inkludert på kurs- og konferansemarknaden.

Selskapet er hovudsakleg privat finansiert, med noko kommunal støtte knytt til Turistinformasjonen. Visit Bergen er ein felles reiskap for reiselivsnæringa, eit nettverksorgan og ein produktkoordinator for regionen.

Hovudoppgåve

Visit Bergen koordinerer arbeidet med å utvikle totalproduktet Bergensregionen. Dei seier om seg sjølve:

Visit Bergen skal arbeide for å styrke medlemsbedriftenes lønnsomhet og konkurranseevne gjennom målrettet informasjon og markedsføring av Bergen og regionen i inn- og utland. Oppgavene utøves for reiselivsnæringen alene, Bergen kommune og i fellesskap.

Strategisk plattform

Den strategiske plattforma til ei bedrift fortel oss korleis bedrifta har planlagt å nå måla sine, formulert til dømes som ambisjonar, føremål, verdiar og arbeidsområde. Under kan du sjå korleis Visit Bergen har sett opp den strategiske plattforma si.

Strategisk plattform for Visit Bergen, forma som ein pyramide. Nedst i pyramiden ligg «DNA-et til Visit Bergen», som er å gjere Bergen til ein god stad å bu og ein god stad å besøkje. På neste trinn følgjer arbeidsmetodane deira, deretter verdisettet deira, over der igjen føremålet til Visit Bergen og øvst ambisjonen deira, som er å skape ein lønsam og berekraftig heilårsdestinasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudmål

Ambisjonen til Visit Bergen er å skape ein lønsam og berekraftig heilårsdestinasjon. Denne ambisjonen har dei utdjupa i to hovudmål. Det eine målet gjeld aktiviteten til selskapet utover, og blir derfor kalla eit eksternt mål. Det eksterne hovudmålet til Visit Bergen er:

Bidra til å øke antall tilreisende til Bergen og regionen, spesielt i kjøpesterke segmenter og i lavsesong

Det andre hovudmålet seier noko om dei indre prosessane til selskapet, og blir derfor kalla eit internt mål. Det interne hovudmålet til Visit Bergen er:

Levere høg kvalitet i utøving av oppgåver og inspirere til samhandling i næringa

Årshjul

I det strategiske arbeidet sitt har Visit Bergen utarbeidd eit årshjul. Det er eit planleggingsverktøy som gir oversikt over aktivitetar som skal skje gjennom året. Oversikta gir selskapet ein felles plan, som gjer arbeidet føreseieleg for dei tilsette. Under kan du sjå årshjulet til Visit Bergen.

Årshjulet til Visit Bergen, som viser aktivitetar som skal finne stad gjennom året innanfor temaa kunst, kultur, mat, natur og jul. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdiar

Verdiane til ei bedrift seier noko om korleis bedrifta ønskjer å bli oppfatta, og kva eigenskapar ho ønskjer å bli assosiert med. Å velje ut verdiar er ein viktig del av strategiarbeidet til bedrifta. Alle tilsette må kunne identifisere seg med verdiane av bedrifta. Under kan du sjå verdiane til Visit Bergen.

Verdiane til Visit Bergen er å vere open, ambisiøs og modig og å bry seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknader og målgrupper

Visit Bergen rettar størstedelen av aktiviteten sin mot dei mest lønsame marknadene og segmenta sine. I marknadsarbeidet retta mot ferie- og fritidsmarknaden prioriterer dei spesielt Noreg, Tyskland, USA, Japan, Spania og Storbritannia.

  • Eksterne målgrupper:

    Visit Bergens målgrupper i ferie- og fritidsmarkedet og i møte- og arrangementsmarkedet skal være norske og utenlandske turoperatører, reisebyråer, møte- og kongressarrangører, idretts- og kulturarrangører, flyselskaper og fergerederier, cruiserederier, bedrifter, media og den individuelle tilreisende.

  • Interne målgrupper:

    Reiselivsbedrifter og næringslivet for øvrig i Bergen og regionen. Bergen kommune og kommunene i regionen. Kultur,- opplevelses,- og idrettssektoren. Lokalbefolkningen i Bergen – ved at de får bedre tilbud gjennom reiselivets kvaliteter. Media regionalt og nasjonalt.

Dei arbeider òg overfor sekundærmarknader som viser utviklingspotensial, slik som Russland, Polen og Kina.

Organisering

Korleis Visit Bergen er organisert, er her vist i eit organisasjonskart:

Organisasjonskart for Visit Bergen. Øvst finn vi reiselivsdirektøren, med administrasjons-, HR- og økonomiavdelinga under seg. Direktøren er òg direkte knytt til nivået under der igjen – med ei salsavdeling, ei kommunikasjonsavdeling og eit vertskapssenter. Under salsavdelinga ligg produktutvikling, ferie og fritid, MICE, arrangement og kultur. Under kommunikasjonsavdelinga ligg web, sosiale medium, innhaldsproduksjon, presse og PR og kampanjar. Under vertskapssenteret ligg produktutvikling,  turistinformasjon, billettsal og Bergenskortet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøkkeltal

Nøkkeltal er tal for viktige aktivitetar og resultat for ei bedrift. Ein analyse av nøkkeltala kan seie oss noko om måloppnåinga til bedrifta. Her er nokre nøkkeltal frå 2019 for Visit Bergen:

73 eigenproduserte filmar, 490 journalistar på besøk, 504 turoperatørar på besøk, 272 visingsturar, 1016 salsmøte, 335 millionar i marknadsverdi, 3,7 milliardar i potensiell medierekkjevidd, 20 millionar Facebook-brukarar, 121 000 billettar selde i skranke, 352 opningsdagar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kilde


visitbergen.com. (u.å). Om oss. Henta 23. oktober 2020 frå https://www.visitbergen.com/bergenreiselivslag


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.07.2023

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa