Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Organiseringa av reiselivsnæringa

Her skal de jobbe i grupper med oppgåver om organiseringa av reiselivet.
Ung servitør som ser stressa ut og held seg til hovudet med den eine handa. Fotoet er manipulert slik at servitøren har fått til saman seks armar, og i kvar hand held han ting som mat, vin, øl, betalingsterminal og notatblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Lokal organisering

Korleis er reiselivet organisert på heimstaden dykkar og i regionen dykkar? Søk opp aktuelle nettsider, og bruk informasjon derfrå.

Oppgåve 2

Kva er NHO Reiseliv? Kva rolle speler dei i samordninga av dagens destinasjonsselskap?

Oppgåve 3

Finn døme på destinasjonsselskap i dykkar eigen landsdel.

Oppgåve 4

Nasjonal organisering

Gjer dykk kjende med dei ulike reiselivsorganisasjonane som styresmaktene samarbeider med. Drøft kva dei har å seie for næringa – spesielt med tanke på eit berekraftig reiseliv.

Oppgåve 5

Kva tyder desse skilta? Sjå informasjon om skilt på lovdata.no.

Åtte brune serviceskilt som viser høvesvis eit utsiktspunkt, ein badeplass, ei sjåverdigheit, ein fiskeplass, ei skiløype, ein tursti, gardsmat eller bygdeturisme og eit museum eller galleri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa