Hopp til innhald
Oppgåve

«FarOut» – øyhopping og samarbeid

Du held på å utvikle forretningsideen din, «FarOut», men treng samarbeidspartnarar. Kven skal det vere?

«FarOut» er ein forretningsidé under utvikling. «FarOut» skal selje øyhopping i den sørlandske skjergarden, i form av pakketurar som inkluderer guide, havkajakk, telt/hengjekøye, utstyr, mat og drikke.

Oppgåve

  • Jobb i grupper på to eller tre.

Del 1: Refleksjon i gruppa

  • Drøft punkta under:
    • Kva er samarbeid, og kva er føremålet med samarbeid?
    • Kvifor er det enkelt å samarbeide med nokon, og ikkje med andre?
    • Når bør ein vurdere å samarbeide med andre aktørar?
    • Kvifor er tillit viktig for eit samarbeid?
    • Kva kan de oppnå ved å samarbeide med andre?
    • Kva utfordringar kan bedrifta dykkar møte i eit samarbeid med andre aktørar?
    • Kva kjenneteiknar eit godt samarbeid?
    • Korleis kan reiselivsbedrifter samarbeide med ulike aktørar i reiselivsbransjen?
    • Kvifor bør reiselivsbedrifter samarbeide med bedrifter i andre næringar?
    • Beskriv og drøft kvifor samarbeid mellom ulike bedrifter er bra for gjestene.

Del 2: Utforsk moglegheitene

Kven kan «FarOut» samarbeide med på Sørlandet for å utvikle bedrifta på ein sunn og berekraftig måte?

  • Utstyr: plakat, tusj og post-it-lappar.
  • Lag overskrifta «Må samarbeide med» på den eine sida av plakaten, og overskrifta «Kan samarbeide med» på den andre sida.
  • Bruk ein post-it-lapp til kvar samarbeidspartnar, og skriv ei kort grunngiving for kvifor desse samarbeidspartnarane er nyttige for «FarOut».
Tips til område der de MÅ inngå samarbeid
  • sikkerheit
  • tilsette
  • aktuelle lover og reglar
Tips til område der de KAN inngå samarbeid
  • marknadsføring
  • sal
  • stordriftsfordelar
  • innkjøp av utstyr
  • kompetanse

Del 3: Presentasjon og deling

  • Presenter plakaten dykkar i klassen.
  • Diskuter forslaga dykkar.
  • Gjer ei oppteljing til slutt, og sjå kor mange ulike samarbeidspartnarar som er aktuelle for «FarOut».

Lykke til!