Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjonskjelder for reiselivsaktørar

Det blir årleg gjennomført ulike kartleggingar og undersøkingar om reiselivet i Noreg. Resultata – tal og data – frå desse er gode kjelder til informasjon. For å kunne ta gode avgjerder treng reiselivsaktørar slik informasjon i det strategiske arbeidet sitt.

Kunnskap vi får gjennom kartlegging og undersøkingar, kan hjelpe oss i idéutvikling og marknadsføring. Dette kan gjere norske reiselivsprodukt endå betre og meir konkurransedyktige, både nasjonalt og regionalt.

Sjå videoen og diskuter i klassen

Kor mykje informasjon gir videoen om skituristar i Noreg? Kven kan ha nytte av denne informasjonen, og korleis kan han brukast?

Marknadsføring

Når du skal marknadsføre eit reisemål eller finne nye og innovative reiselivsprodukt, treng du tilgjengeleg og oppdatert informasjon. I dei store turistundersøkingane finn du tal og fakta om målgrupper og potensielle nye marknader.

Du kan til dømes bruke data frå undersøkingane til å finne ut kva aldersgrupper som dominerer marknaden din, for deretter å tilpasse marknadsføringa slik at ho treffer målgruppa di.

Betre tilbod

Turistundersøkinga Vinterturisme viser at aktivitetsmoglegheiter og matopplevingar er det viktigaste for norske skituristar. For å tiltrekkje deg fleire turistar, kan du bruke denne informasjonen til å vidareutvikle aktivitetar du tilbyr. Kanskje kan du oppgradere menyen og satse på lokal mat.

I undersøkinga kjem det òg fram at norske skituristar reiser i snitt i grupper på fire. Viss du driv eit hotell, er det kanskje derfor lurt å byggje om nokre rom til familierom eller leilegheiter.

Marknader

Korleis kan du utvide marknaden? Om du ser at det er flest eldre skituristar, kan du tilby fleire aktivitetar og opplevingar som tiltrekkjer ein yngre marknad.

Om undersøkingar viser at turiststraumen frå Asia aukar, kan kanskje denne marknaden bli ei ny målgruppe for reiselivsbedrifta di. I så fall må du skape reiselivsprodukt som tiltrekkjer denne målgruppa.

Strategiar

Dersom ei kartlegging viser at talet på besøkjande til regionen fell i forhold til tidlegare år, forstår de at noko må gjerast. Data frå andre undersøkingar kan avdekkje kva utfordringar de må ta tak i og kva de må jobbe med for å snu tala. Ut frå kartlegginga kan du hente informasjon som gir godt grunnlag for vidare strategisk arbeid.

Viktig næring for samfunnet

Omsetninga og sysselsetjinga i reiselivsnæringa er viktig både for Noreg samla sett, og for alle små og store destinasjonar i landet. Utvikling og innovasjon byggjer på tal og data frå kartleggingar og undersøkingar. Når kartleggingar viser at turistar i dag vil ha kortreist mat, autentiske reisemål og naturopplevingar, gir det grobotn for nye reiselivsprodukt.

Sesongutviding

I Noreg blir det jobba for å utvide sesongane for å skape eit heilårig reiseliv. Kartleggingar viser til dømes at det naturbaserte reiselivsproduktet er spesielt attraktivt for utanlandske turistar i Noreg. Innovative reiselivsprodukt kan utvide sesongen til eit heilårsbasert reiseliv. Les om verdifulle nordlysturister på visitnorway.com

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa