Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reiseundersøkinga

Korleis har utviklinga i reiselivet vore i kommunen din dei siste somrane?
Turistar tek bilete ved skulpturen «Monolitten» i Vigelandsparken i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sommaren 2020 blei for reiselivet sterkt prega av pandemien. Samanlikn statistikk for sommaren før pandemien, pandemisommaren og somrane etterpå. Korleis ser statistikken ut for kommunen din?

Oppgåve

  • Jobb i par eller i grupper på tre.
  • Opprett eit dokument som de kan jobbe saman i.
  • Bruk Reiseundersøkelsen på ssb.no, og finn informasjon om korleis tal frå reiselivet ser ut for kommunen din kvar sommar frå 2019 og fram til i dag.
  • Lag diagram som illustrerer forskjellane.
  • Lag ein presentasjon og ein konklusjon som seier noko om funna dykkar. Bruk nettet til å finne informasjon om kvifor tala er som dei er.
Reiseundersøkelsen frå SSB

Reiseundersøkelsen frå ssb.no

Relatert innhald

Å kartleggje i reiselivet er viktig, og det er mange store aktørar som gjer dette. Resultata blir publiserte og kan brukast fritt i planleggingsarbeidet.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2020

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa