Hopp til innhald

Fagstoff

Landsdels- og destinasjonsselskap

Reiselivet i Noreg er organisert ulikt ulike stader i landet. Oftast er det eit strukturert samarbeid gjennom destinasjonsselskap. Det er òg fem landsdelsselskap i Noreg.
Folk hyggjer seg på uterestaurant på Bryggen i Bergen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisering av reiselivet i Noreg

På regionalt nivå er reiselivet kjenneteikna av organisering og samarbeid innanfor fylke eller landsdelar, ofte i form av landsdels- og destinasjonsselskap. Fylka har tradisjonelt spelt ei aktiv rolle som marknadsførar, utviklar og koordinator.

Landsdelsselskap

Vi har fem landsdelsselskap i Noreg. Desse er VisitOsloRegion, Nordnorsk Reiseliv, Fjord Norge, Trøndelag Reiseliv og USUS. USUS representerer Sørlandet. Kvart landsdelsselskap fungerer som ein for destinasjonsselskap.

Dei fem landsdelsselskapa

VisitOsloRegion SA

Nordnorsk Reiseliv AS

Fjord Norge AS

Trøndelag Reiseliv AS

USUS AS

I tillegg til å utføre marknadsføringsoppgåver er landsdelselskapa kompetansebyggjande selskap som tilbyr kurs, rådgiving, nettverk og møteplassar for næringa. Landsdelsselskapa driv utvikling, kompetanseheving, marknadsføring og tilrettelegging for sal av reiselivsprodukt i den aktuelle landsdelen.

Destinasjonsselskap

Reiselivsnæringa i Noreg blir i stor grad organisert gjennom destinasjonsselskap. NHO definerer eit destinasjonsselskap som

… et aksjeselskap eller stiftelse hvor flere kommunale, lokale reiselivslag og bedrifter går sammen innen et naturlig område som ikke er avgrenset av kommune- eller fylkesgrenser.

Eit destinasjonsselskap er eit felles sals- og marknadsføringsorgan for bedrifter, kommunar og organisasjonar som har interesser knytte til reiselivsnæringa og profilering av regionen. Destinasjonsselskap er eigde av næringa sjølv ved at bedriftene betaler ei medlemsavgift. Kor høg avgift kvar bedrift skal betale, blir fastsett ut frå storleiken på bedrifta.

Hovudoppgåvene til destinasjonsselskapa er å koordinere samarbeid mellom aktørane for å utvikle destinasjonen som eit heilskapleg reiselivsprodukt. Destinasjonsselskapa driftar òg nettsider og koordinerer marknadstiltak, kompetanse- og nettverksaktivitetar.

Andre døme på destinasjonsselskap:

Behov for koordinering og samarbeid

Reiselivsnæringa består av mange små bedrifter frå ulike bransjar innanfor transport, overnatting, servering, opplevingar og formidling. Bedriftene utfyller kvarandre og er avhengige av kvarandre, sidan dei saman skaper det heilskaplege reiselivsproduktet. Destinasjonsselskap og reiselivsaktørar bør samarbeide med kommunar og anna offentleg forvaltning for å leggje til rette nødvendig infrastruktur for å dekkje behova til både lokalbefolkninga og dei tilreisande.

67 nye reiselivsregionar

Hausten 2020 etablerte Statistisk sentralbyrå (SSB) nye reiselivsregionar, på oppdrag frå Innovasjon Noreg, NHO Arktis og dei fem landsdelsselskapa. Dei nye regionane er tilpassa den etablerte reiselivsstrukturen i Noreg og skal gjere statistikk for reiselivsnæringa meir oversiktleg. SSB kan no lage ei finare inndeling av eksisterande statistikkdatabankar, og i tillegg kan dei publisere sesongjusterte tal. Talmaterialet er viktig for strategiarbeidet i reiselivsnæringa.

Bente Bratland Holm, reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg, seier at «det er viktig for oss å gjøre tall tilgjengelig på en enkel måte slik at flest mulig bruker tallene».

Troll-figur med kaps det står «Noreg» på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder


Aktiv i Oslo. (u.å.). Reiselivslag og destinasjonsselskaper i Norge. Henta 23. oktober 2020 frå https://www.aktivioslo.no/reiselivslag


NHO Reiseliv. (u.å.). Mer om destinasjonsselskaper. https://www.nhoreiseliv.no/bransjer/destinasjon/om-destinasjonsselskaper/

Visit Norway Innsikt (2020). Innovasjon Norge og landsdelsselskapene med nytt samarbeid om reiselivsstatistikk. https://business.visitnorway.com/no/nyheter/2020/innovasjon-norge-og-landsdelsselskapene-i-et-nytt-samarbeid-om-reiselivsstatistikk/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2023

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa