Hopp til innhald

Fagstoff

Naturbaserte reiselivsopplevingar

Noreg har ein fantastisk natur som turistar frå både inn- og utland kjem for å oppleve. Ikkje berre har vi flotte fjell og fjordar, vi har òg ein spesiell skjergard, langstrekte vidder og fiskemoglegheiter i både salt- og ferskvatn.

Berekraftig naturforvaltning

Når vi vil skape engasjerande opplevingar med utgangspunkt i natur og geografi, er det fleire ting vi må ta omsyn til. Både naturen og lokalsamfunnet skal varetakast. Du treng derfor god kunnskap om korleis reiselivsproduktet ditt vil påverke naturressursar og lokalsamfunn. I tillegg krev naturbaserte reiselivsopplevingar at ein legg vekt på tryggleik.

Reiselivsnæringa må spele ei aktiv rolle i norsk naturforvaltning. Vi må ta vare på natur og landskap gjennom god planlegging og vern. Gjennom ansvarleg, berekraftig og omsynsfull bruk kan vi sørgje for at alle får glede av naturen. Slik lærer vi òg nye generasjonar å ta vare på sårbar natur.

Ei god forvaltning av naturressursane krev omfattande samarbeid mellom reiselivsaktørane og etatane som forvaltar naturen på vegner av fellesskapen.

Merke for berekraftige reisemål

Innovasjon Norge har utvikla ei merkeordning for berekraftige reisemål for å stimulere til å leggje vekt på berekraft. Merkeordninga er eit godt verktøy for å jobbe systematisk med berekraftsperspektivet på ein reiselivsdestinasjon.

Les meir om Merket for bærekraftig reisemål

Merket for bærekraftig reisemål, innovasjonnorge.no

Interesseorganisasjonar

Unesco si liste over kultur- og naturarven i verda, Den norske turistforening og Norsk naturguideforbund er døme på program og organisasjonar som jobbar aktivt med bruk og vern av natur.

Unesco si liste over kultur- og naturarven i verda

Unesco er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Verdsarven er eit program i regi av Unesco for bevaring av eit utval natur- og kulturstader.

Noreg har ein unik og verdifull natur. Noko av naturen vår er internasjonalt anerkjend som verneverdig ved at han står på Unesco si liste over kultur- og naturarven i verda.

Norsk natur på Unesco si verdsarvliste

Vegaøyan

Vestnorsk fjordlandskap

Den norske turistforening (DNT)

DNT har sidan 1868 arbeidd for "å fremme et enkelt, aktivt, allsidig og miljøvennlig friluftsliv og for å bevare natur og kulturverdier". Dei har eit variert tilbod til alle aldersgrupper og driver òg med opplæring og kurs innan klatring, brevandring, fjellsport og andre aktivitetar som krev spesiell friluftslivskompetanse. DNT har eigne turleiarkurs og eiga instruktørutdanning.

Norsk naturguideforbund (NNGF)

NNGF er ein interesseorganisasjon og eit yrkesforbund for utdanna naturguidar i Noreg. I fleire naturbaserte reiselivsopplevingar er det å ha ein kunnskapsrik guide avgjerande for den totale opplevinga for turistane. Guidar må både ha kunnskap om sjølve naturopplevinga og sørgje for tryggleiken.

Tenk over

Du skal skape ei naturoppleving med fjellklatring og vandring på isbre. Kva kunnskapar treng då dei som skal vere guidar?

Natur som attraksjon

For reiselivsnæringa er naturen ein stad der opplevingar blir skapte og selde i ein marknad. Det finst mange små og store reiselivsaktørar som tilbyr ulike former for naturopplevingar. Alle opplevingane byggjer på det særeigne – det som er attraktivt – på sin stad. Attraksjonane kan vere både naturlege, menneskeskapte og ein kombinasjon av desse.

Nokre stader er det sjølve naturopplevinga som er attraksjonen, som til dømes fenomen som midnattssol og nordlys eller spektakulære utsiktspunkt som til dømes Preikestolen.

Andre stader blir opplevingane skapte med utgangspunkt i naturen, som til dømes rafting, toppturar og ulike former for dyresafari med dyr som kval, ørn og elg.

Opplevingar kan òg skapast med naturbaserte attraksjonar som er menneskeskapte. Overnatting i ei tretopphytte, i ein samisk gamme eller på eit ishotell er døme på dette.

Kjelder

Innovasjon Norge. (2021). Nasjonal reiselivsstrategi 2030. Sterke inntrykk med små avtrykk. https://assets.simpleviewcms.com/simpleview/image/upload/v1/clients/norway/Nasjonal_Reiselivsstrategi_original_ny_cad86af3-d2e9-486d-9c4e-7d1e7709ca32.pdf

Den Norske Turistforening. (U.å.) Om DNT. https://www.dnt.no/om/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2022

Læringsressursar

Reiselivsprodukt med utgangspunkt i norsk og samisk kultur