Oppgave
Marknadsføringsoppdrag: samisk kultur som reisemål
I denne oppgåva skal de marknadsføre reiselivsopplevingar basert på samisk kultur ved å lage ein guide. De kan velje om de vil lage ein digital guide eller ein guide på papir.
Lag ein guide som marknadsfører reiselivsopplevingar basert på samisk kultur.
Jobb saman to og to eller individuelt. Vel sjølve kva fylke eller område de vil fokusere på.
Guiden bør innehalde ulike overnattingsalternativ i tillegg til ei skildring av opplevingane.
Bruk internett som søkjekjelde. Tips til søkjeord: samisk reiseliv, samisk kulturarv, reiselivsopplevingar Nord-Noreg.
Presenter guiden for kvarandre, og gi kvarandre tilbakemeldingar. Bruk tilbakemeldingane til å forbetre guiden dykkar.
Del den ferdige guiden med kvarandre, og diskuter og reflekter over dei ulike reiselivsopplevingane.