Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design ei reiselivsoppleving med historieforteljing

Du skal skape ei reiselivsoppleving der du bur, som tek utgangspunkt i ei lokal historie. Det kan vere frå notid eller fortid.
Huldra dansar i Kjosfossen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåva kan løysast individuelt eller i par.

Oppgåve

Del 1

Forarbeid

  • Finn informasjon om området dykkar på nettet, og les dykk opp på historier, artige hendingar, segn eller eventyr.

  • Gå ein tur i nærområdet og sjå dykk rundt, er det noko der som kan delast med lokalsamfunn og turistar?

  • Snakk gjerne med nokon som har budd der lenge og kjenner området godt.

Ta eit val

  • Vel ut ei historie de vil lage ei reiselivsoppleving av. Ho kan vere naturbasert, kulturbasert eller ein kombinasjon.

  • Gjer vidare undersøkingar om historia de vel.

Design reiselivsopplevinga

  • Beskriv kva faktorar (naturgitte og kulturgitte) som er viktige for reiselivsopplevinga.

  • Bruk fila Dramaturgisk tidslinje til å teikne og forklare forslaget dykkar til reiselivsoppleving.

Filer

Tips

I heftet Innovative opplevelser (2011) kan de sjå praktiske døme på opplevingsdesign. Her kan de òg få tips til ulike former for reiselivsopplevingar.

Del 2

  • Diskuter dei ulike forslaga dykkar i klassen, og gi kvarandre tilbakemeldingar.

  • Bruk tilbakemeldingane til å finpusse ideen.

  • Lag eit hefte der de samlar dei ulike forslaga, ta med teikningar og skildringar.

  • Stem fram eitt forslag frå heftet, som klassen saman skal jobbe vidare med.

Del 3

  1. Les dykk opp på historia de skal bruke, og skriv historieforteljinga saman.

  2. Ha ei idemyldring om korleis opplevinga kan gjennomførast i praksis, og kva som krevst. Bli einige om:

    • Kva er temaet og historia for opplevinga?

    • Kva handlar det eigentleg om?

    • Korleis skal de formidle historia gjennom heile opplevinga?

    • Korleis skal de bruke historia til å involvere gjestane?

    • Korleis bidreg historia til å skape ei meiningsfull oppleving for gjestane?

  3. Lag ekspertgrupper for dei ulike elementa i opplevinga.

Til dømes:

  • Gruppe 1: Lagar ei detaljert skildring av opplevingsrommet.

  • Gruppe 2: Formar historia som turistane skal ta del i.

  • Gruppe 3: Beskriv korleis mingling og måltid kan gjennomførast, og relasjonar mellom tilsette og turistane. Kva er rollene til dei tilsette?

  • Gruppe 4: Ser på kva verkemiddel de kan nytte for å skape ei lønsam reiselivsoppleving.

  • Gruppe 5: Beskriv målgrupper og lagar ein marknadsplan.

Del 4

  1. Lag ein felles presentasjon av opplevinga. De kan til dømes forme presentasjonen som eit hefte, ein PowerPoint eller ein film.

  2. Til slutt skal de reflektere over kva denne reiselivsopplevinga kan tilføre lokalområdet og de som bur der.

Kanskje de vil sende presentasjonen dykkar til destinasjonsselskapet i regionen for tilbakemelding?

Bilete av helleristningar av reinsdyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lykke til!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Reiselivsprodukt med utgangspunkt i norsk og samisk kultur