Hopp til innhald
Fagartikkel

Kven er samane?

Samane er eit urfolk som har budd i nordområda i mange hundre år, men kven er dei eigentleg, og kva er historia deira?
Til læraren

Dette er ein ressurs der det er mogleg å jobbe tverrfagleg med fleire fag, først og fremst kroppsøving og samfunnskunnskap, men òg historie, religion og norsk. Programfag innan naturbruk, sal, service og reiseliv og språk 1 er òg aktuelle.

For å få ei betre forståing av samisk historie, kultur og tradisjon er det nødvendig å jobbe med temaet i fleire fag. For å setje seg inn i korleis det er å vere same i dag, må ein òg vite noko om historia og kva forhold samane har levd under tidlegare.

Fagartikkelen "Naturen i samisk kultur" kan òg brukast. Han er retta mot kroppsøving, naturbruk og sal og reiseliv.

Kven er samane, og kvar bur dei?

Sápmi/Saepmie/Sábme (Sameland)

Samane er eit som tradisjonelt har budd i nordområda i Noreg, Sverige, Finland og Russland. På nordsamisk heiter dette området Sápmi, på sørsamisk heiter det Saepmie, og på lulesamisk heiter det Sábme. Sameland er den norske omsetjinga. Det store geografiske arealet går på tvers av landegrensene og gjer at kulturen er svært mangfaldig og variert.

Sjølv om samefolket tradisjonelt har budd i nordområda, har det, som i andre lokalsamfunn i Noreg, vore mykje fråflytting her òg. Samane bur i heile Noreg. Det betyr at du finn samar i Oslo så vel som i Kautokeino og Karasjok.

Samisk bakgrunn

Ein same er ein person som oppfattar seg sjølv som samisk og som ein del av samisk kultur. For å stå oppført i Sametingets valmanntal og kunne stemme ved sametingsval, må du anten ha samisk som heimespråk eller ha eller ha hatt foreldre, besteforeldre eller oldeforeldre med samisk som heimespråk. Heimespråk er språket ein snakkar heime i oppveksten.

Samer i dag

Mange knyter samar til reindrift, men i dag er det berre omkring 10 prosent av samane som driv med rein, og det har vorte færre dei siste åra. Opphavleg var det både sjøsamar, fastbuande og reindriftssamar. Du kan lese meir om det i boksen under. Nokre samar livnærer seg framleis i yrke som høyrer inn under kategorien , slik samar gjorde opphavleg, men dei fleste har heilt "vanlege" yrke.

Elles er det ein del samar som livnærer seg av det samiske på andre måtar, til dømes ved sal av duodji (samisk tradisjonshandverk) og samiske råvarer og kunst. Nokre driv med samisk musikk/joik, andre er samiske forfattarar og journalistar, andre igjen driv med samisk forsking. Det er òg mange som driv med samisk reiseliv.

Reindriftssamar, sjøsamar og fastbuande
  • Reindriftssamane dreiv med rein og flytta seg etter flokken sin. Nokre samar driv framleis med rein, og i dag bruker dei reindriftsutøvarar til å gjete flokken. Det kan du lese meir om i emnet om reindrift.

  • Sjøsamisk kultur har tradisjonelt sett bestått av fiske og gardsdrift. Sjøsamane hadde òg eit tett forhold til reindriftssamar som flytta til kysten på sommarhalvåret (dette blir kalla verdde eller verddevuohta).

  • Fastbuande samar dreiv gard, men dei heldt òg på med jakt, sanking, duodji og fiske i elvar og innsjøar.

  • Jakt, sanking og fiske og tilverking og sal av duodji har vore sentralt i alle dei samiske kulturane.

Samisk språk = samisk kultur

Tre samiske språk

Opphavleg har det vore ti ulike samiske språk. I dag blir berre tre samiske språk rekna som offisielle språk i Noreg. Dette er nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.

Det er store språklege forskjellar mellom nordsamisk og sørsamisk, faktisk så store at dei som kommuniserer på sørsamisk og på nordsamisk, vil ha store vanskar med å forstå kvarandre.

Nordsamisk er det største språket, og omkring 25 000 bruker språket aktivt i dag. Dette er berre eit estimat, då det er vanskeleg å finne nøyaktige tal på kor mange som kan og bruker språket. Sørsamisk og lulesamisk står i dag på Unescos liste over språk som er alvorleg trua. Les meir i fagartikkelen om samiske språk.

Samisk som majoritet eller minoritet

Språk er ein viktig del av kulturen. Det er annleis å vekse opp i ein del av Noreg der samisk er sspråk, enn å vekse opp på ein stad der samisk er eit sspråk. Der den samiske befolkninga er i minoritet, er ikkje den samiske kulturen ein like stor del av kvardagen, og det krev meir av den enkelte å halde på sin eigen kultur og sine eigne tradisjonar.

Fornorskingspolitikken

Mange samar er stolte av det samiske språket, og det er ein viktig del av identiteten deira. Slik var det ikkje for to generasjonar sidan. Mellom 1850 og 1960 hadde styresmaktene eit mål om å lage eit homogent samfunn. Samar, kvenar og andre minoritetsgrupper vart sett på som andrerangs borgarar. Alle skulle bli norske, og då måtte dei snakke norsk. På den tida trudde folk det var skadeleg for barna å lære seg både norsk og samisk. I dag veit vi at jo fleire språk du kan, jo enklare er det å lære seg nye.

På denne tida var det forbode å snakke samisk og å joike, og dei som hadde samisk som heimespråk, fekk verken snakke samisk eller lære seg å skrive samisk. Barna vart sende på internatskule frå dei var sju år, for å lære seg norsk. Der vart dei fysisk straffa om dei snakka samisk. Lærarane kunne berre norsk og ikkje samisk, for dei samiske barna var det motsett. Fleire samar vart tvinga til å skifte namn fordi ein måtte ha norsk namn for å kunne eige jord og ha andre eigedommar. Familiar slutta å bruke samisk som heimespråk. I staden prøvde dei å skjule at dei var samiske fordi dei vart sett ned på. Mange lét vere å fortelje barn og barnebarn at dei var samiske.

Før fornorskingspolitikken starta, snakka mange samisk langs den nordlege kysten av Noreg. I dag er det berre i indre delar av Finnmark at samisk er majoritetsspråket.

Fornorskingspolitikken er offisielt avslutta i Noreg. Likevel blir svært mange samar diskriminerte på grunn av den samiske bakgrunnen sin, så mange som ein av tre, ifølge ein studie frå 2019. Ei undersøking blant unge samar i 2021 viste at 60 prosent av dei spurde har opplevd fordommar mot den samiske gruppa si "veldig ofte" eller "ofte". Berre 5,2 prosent svarte "aldri" (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet 2022).

Lærarar ved Samisk videregående skole Karasjok har bidrege i arbeidet med denne ressursen.

Kjelder

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. (u.å.). Diskriminering. Henta 14. juni 2022 frå https://bufdir.no/statistikk_og_analyse/etnisitet/diskriminering#heading74365

Berg-Nordlie, M. (2021, 8. november). Fornorsking. I Store norske leksikon. https://snl.no/fornorsking

Berg-Nordlie, M. & Gaski, H. (2021, 28. januar). Sápmi. I Store norske leksikon. https://snl.no/Sápmi

Berg-Nordlie, M. & Gaski, H. (2022, 7. mars). Samer. I Store norske leksikon. https://snl.no/samer

Brekke, B. (2013, 31. oktober). Lærerne forsto ikke samiske Solbjørg. NRK. https://www.nrk.no/dokumentar/internatskoler-og-samene-1.11309606

Norges arktiske universitetsmuseum. (u.å.). Joikeforbud i 45 år! Henta 14. juni 2022 frå https://uit.no/tmu/art?p_document_id=491825

Norgeshistorie.no. (2020, 12. mars). Internatskole for samiske barn. https://www.norgeshistorie.no/kilder/velferdsstat-og-vestvending/k1806-internatskole-for-samiske-barn.html

Olsen, T. A. (2017). Sápmi i Noreg i dag. Syn og Segn, 123(4), 38–45.

Rudi, I. B. (2020, 28. januar). Samane – minoritet i eige land. NDLA. https://ndla.no/subject:1:470720f9-6b03-40cb-ab58-e3e130803578/topic:1:00018b29-3b51-478d-a691-20732e0601fd/topic:1:fe5b19ec-19cc-47c2-9ab2-47ce58c9cb9f/resource:e150043b-bda2-4fdf-b805-9201e99c66bb

Statleg spesialpedagogisk teneste. (2022, 20. april). Hjertespråkets talskvinne. https://www.statped.no/samisk-spesialpedagogisktjeneste-sead/sead/hjertesprakets-talskvinne/