Hopp til innhald
Fagartikkel

Kulturbaserte reiselivsopplevingar

Kulturbaserte opplevingar er viktige for norsk reiseliv. Men kva for nokre kulturbaserte reiselivsopplevingar har vi i Noreg, og korleis kan det kulturbaserte reiselivet vidareutviklast?

I Noreg har vi ein mangfaldig og dyrebar kultur. Noko av kulturen vår er internasjonalt anerkjend som verneverdig ved at han står på Unesco si liste over kulturarven i verda.

Noregs kulturminne på Unesco si verdsarvliste

Bryggen i Bergen

Urnes stavkyrkje

Røros bergstad og Circumferensen

Bergkunsten i Alta

Struves meridianboge

Rjukan–Notodden industriarv

Kart over kulturminna på riksantikvaren.no

Kulturelle reiselivsopplevingar

Vi menneske er fødde nysgjerrige, og det å oppleve nye og kanskje framande kulturar er ein stadig viktigare del av ferieopplevinga vår. Turistar som kjem til Noreg, ønskjer gjerne å kombinere natur- og kulturopplevingar.

Turistundersøkinga frå 2018 viser at turistar som kjem til Noreg, ønskjer å oppleve kulturen vår og delta i kulturelle aktivitetar. Figuren under viser ei prosentvis fordeling på ulike kulturelle aktivitetar for utanlandske turistar i Noreg.

Kulturturismen i Noreg har eit stort potensial for vidareutvikling, ved til dømes auka merksemd mot å formidle kunst- og kulturtilbod.

Turistundersøkelsen 2018

Turistundersøkelsen. Kultur som en del av turismen i Norge sommersesongen 2018. Innovasjon Norge

Kultur som reiselivsressurs

Kultur handlar om kulturminne, kulturarv og kulturmiljø. Det omfattar alt frå gamle handverkstradisjonar, mat og drikke, kunst, arkitektur, musikk og dans, mytar og historie, forteljartradisjonar, språk og levesett til det moderne livet i Noreg.

Den mangfaldige kulturen vår gir moglegheiter til å skape attraktive reiselivsopplevingar for mange ulike interessegrupper. Operahuset i Oslo er attraktivt både for dei som er spesielt opptekne av moderne arkitektur, og for operainteresserte. Riddu Riđđu-festivalen kan vere ei fin oppleving for dei som ønskjer å oppleve noko av kulturarven til urbefolkninga, mens sportsinteresserte kanskje vil sjå hopprenn i Holmenkollen.

Kulturturistar

Dei typiske kulturturistane blir i Stortingsmelding nr. 19 (2016–2017) karakteriserte ved at dei planlegg eller har gjennomført minst to av aktivitetane under:

  • oppleve lokal historie og legender

  • oppleve lokal kultur og levemåtar

  • oppleve tradisjonar og nasjonale festar

  • besøkje kunstutstillingar og museum

  • besøkje historiske bygningar og stader

Kulturturistane ønskjer å oppleve, nyte og lære meir om lokal livsstil. Dei vil lære om sjølve identiteten, det særeigne, ved lokalsamfunna dei besøkjer.

Utforsk

Bruk internett og finn døme på ulike aktivitetar som kulturturistar kan delta i. Beskriv korleis desse blir kombinerte i ulike reiselivstilbod rundt om i landet.

Når du skal skape kulturelle reiselivsopplevingar, er det viktig å gjere det på ein etisk forsvarleg måte som ikkje "trampar på" eller misbruker det særeigne ved lokalsamfunna.

Døme på kulturbaserte reiselivsopplevingar

Tenk over

Kva for nokre kulturbaserte reiselivsopplevingar i Noreg kjenner du til?

Norsk folkemuseum

På Norsk folkemuseum kan vi få innblikk i korleis folk har levd i Noreg frå 1500-talet og fram til i dag. Museet er dermed eit døme på ei kulturbasert reiselivsoppleving.

Andre døme på kulturbaserte reiselivsopplevingar:

Maihaugen

Munch-museet

Vikinggarden

Olavsfest

Historiske hotell

Domkyrkjeodden

Kulinariske storbyturar i Noreg

Smalahovetunet

Riddu Riđđu-festivalen

Kjelder

Meld. St. 19 (2016–2017). Opplev Norge – unikt og eventyrlig. Nærings- og fiskeridepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-19-20162017/id2543824/?ch=4

Visit Norway Innsikt. (2019). Kombinasjonen natur- og kultur gir Norge betalingsvillige turister. https://business.visitnorway.com/no/nyheter/2019/kombinasjonen-natur-og-kultur-gir-norge-betalingsvillige-turister/

Kulturdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. (2019). Strategi for kultur og reiseliv. Noreg som attraktiv kulturdestinasjon. https://www.regjeringen.no/contentassets/76daff482cfc44a79d5ecfa145300ec3/strategi-for-kultur-og-reiseliv-2019-kud-og-nhd.pdf

Epinion. (2018). Turistundersøkelsen – kultur som en del av turismen i Norge sommersesongen 2018. Innovasjon Norge. https://assets.simpleviewcms.com/simpleview/image/upload/v1/clients/norway/Ny_Turistunders_kelsen_2018_Om_bruk_av_kulturtilbud_0c98d800-ebde-45d2-877d-6b2c57ff72e6.pdf