Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei digital kulturforteljing

Vi ønskjer å gi både norske og utanlandske turistar kulturopplevingar som gjer at dei vil kome tilbake for å oppleve meir. I denne oppgåva skal du lage ei digital forteljing om det som er typisk for kulturen på heimstaden din.
Ei stavkyrkje med kors på toppen av tre høge spir. Kyrkja har ein kompleks takkonstruksjon med både bogne og vinkla felt i mange variantar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturen på heimstaden

Kva kan de fortelje om kulturen på heimstaden dykkar? Kva er de spesielt stolte av, og kva vil de dele med andre? Kva tenkjer de kan vere interessant for turistar?

I par eller små grupper

  • Les om lokalhistoria til heimstaden dykkar. Er det nokon kulturelle opplevingar de kan dele med turistar?

  • Fordel ansvarsområde og oppgåver i gruppa.

  • Bruk gjerne det personlege nettverket dykkar for å hente inn informasjon. Kanskje de kan intervjue besteforeldre eller ein lokal kulturpersonlegdom?

  • Les og bruk kjenneteikna på digital forteljing i boksen under.

Kjenneteikn på ei digital historieforteljing

Henta frå wikipedia.no:

Det er vanleg å forvente at ei digital historie skal

ha eit poeng:
Med poeng blir det meint at forfattaren skal ha ein bodskap han ønskjer å dele ved hjelp av historia si.
vere spennande:
Ei god historie byggjer opp ei spenning som gjer at lyttaren blir sitjande og følgje med til historia er slutt.
fremje kjensler:
Viss ei historie rører ved oss emosjonelt, vil vi lettare ta til oss bodskapen og leve oss inn i historia.
bli fortald med eins eiga personlege stemme:
Ved hjelp av si eiga stemme kan forteljaren formidle ein djup bodskap, og publikum vil kjenne ein nærleik til historia.
ha passande musikk:
Musikk og lydar har stor kraft til å påverke synsinntrykka våre, og musikk kan lett gi stemning til ein film.
vere prega av god disposisjon:
Forfattaren må finne den rette balansen mellom bilete, musikk, lydeffektar og tale. Bileta skal passe til teksten og teksten til bileta, og bruken av effektar bør ikkje overdrivast.
ha eit passande framføringstempo:
Det gjeld å finne rett tempo og rytme i framføringa. God flyt i forteljinga held på interessa til publikummet.
  • Lag eit manus og eit storyboard. Nedst på sida finn de tips til korleis de kan lage eit storyboard.

  • Bygg opp historia dramaturgisk, slik det er forklart i "Å skape opplevingar med historieforteljing" under relatert innhald nedanfor.

  • Lag ei digital forteljing på 3–5 minutt om temaet dykkar.

  • Vis dei ferdige produkta til resten av klassa, og gi kvarandre tilbakemeldingar. Bruk tilbakemeldingane til å forbetre produktet dykkar.

  • Inviter gjerne lokale reiselivsaktørar til premiere på dei digitale historieforteljingane. Kanskje vil dei nytte historiene dykkar i marknadsføringa av heimstaden dykkar?

Lykke til!

Kjelde

Wikipedia (u.å.). Digitale fortellinger https://no.wikipedia.org/wiki/Digitale_fortellinger

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2023

Læringsressursar

Reiselivsprodukt med utgangspunkt i norsk og samisk kultur