Statistikk og sannsyn
Oppgåvene på denne sida er det ikkje meininga at du skal løyse. Nokre har du kanskje løyst før, nokre skal du kanskje løyse seinare. Her skal du berre reflektere over om oppgåva er ei sannsynsoppgåve, ei statistikkoppgåve eller kanskje ei blanding? Her anbefaler vi at du diskuterer med minst éin medelev!
Kva er sannsynet for å få tre auge når du kastar med ein vanleg terning?
Du står på Sotrabrua og noterer talet på bilar med ulik farge som køyrer over. Kor stor del av bilane er raude?
Du kjøper lodd i eit lotteri med 10 000 lodd, og 2 gir førstepremie. Kva er sannsynet for å vinne førstepremie i lotteriet?
Onkelen din er på veddeløpsbanen og vurderer å spele på ein hest. Han sjekkar oddsen og seier han ligg på 3,4. Kva er sannsynet for at onkelen din vinn?
Genet for brune auge dominerer over genet for blå auge. Ein forenkla modell for arv seier at ein får eit gen frå kvar forelder, som styrer augefarge. Kor sannsynleg er det at eit barn får blå auge dersom begge foreldra har brune auge?
Tal frå Folkehelseinstituttet seier at 8 % av nordmenn over 59 år lir av ei eller anna form for demens. Kva er sannsynet for at du vil få demens ein gong i løpet av livet?
I 2019 avla 42 653 elevar eksamen i norsk hovudmål på vg3. 916 av elevane fekk karakteren 6.
a) Kva er sannsynet for at ein tilfeldig vald elev fekk karakteren 6?
b) Kva er sannsynet for at ein tilfeldig vald elev får karakteren 6 på eksamen i norsk hovudmål i år?