Hopp til innhald

Berekraftig kosthald

"Alle" er einige om at eit berekraftig kosthald er bra! Men kva betyr det eigenleg at kosthaldet vårt skal vere berekraftig? Handlar det om mat som er kortreist, rettferdig og sunn, eller er det andre faktorar som avgjer? Ikkje minst – kva kan vi gjere for å få eit meir berekraftig kosthald?
Ulike situasjoner som er knytte til mat og matproduksjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftig kosthald – kva og kvifor?

Omgrepet berekraftig kosthald blir brukt i mange samanhengar, men kva betyr det eigentleg? I dette temaet skal de både bruke kjelder og gjere eigne undersøkingar for å få oversikt og erfaring med ulike tilnærmingar til bærekratig kosthald. Dette gir eit godt grunnlag for vidare diskusjon om utfordringar og løysingar rundt eit svært samansett tema.

Utforsk ulike løysingar

Bruk det de har funne ut til å jobbe vidare med berekraftig kosthald. Ta utgangspunkt i noko som engasjerer eller provoserer dykk og finn berekraftige løysingar på skulen, heime og i ulike yrke. Nokre aktuelle problemstillingar kan vere:

  • Korleis kan vi produsere mat på ein berekraftig måte?
  • Var kosthaldet meir berekraftig før i tida?
  • Kvifor kastar vi så mykje mat?
  • Kva betyr berekraftig kosthald på skulen og i ulike yrke?
  • Må vi kutte ut kjøttet for å redde kloden?
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021

Læringsressursar

Berekraftig kosthald