Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forbruk og kasting av bananar

Kvar dag blir det kasta meir enn 140 000 bananar i Noreg. Bananen har reist langt, og det må vel vere mogleg å kaste færre bananar?
Ung kvinne kastar brun banan i søpla. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det blir kasta for mykje mat i Noreg og verda i dag. Dette er ikkje berekraftig, og ei endring må til. Ein av tinga vi kastar mykje av, er bananar.

I NRK-serien Matsjokket ønskjer meisterkokken Christer Rødseth å rette søkjelyset på matsvinnet i Noreg, og finne løysingar for å redusere matsvinnproblematikken. I episoden nedanfor blir e-sportutøvaren Joachim Haraldsen utfordra til å kaste færre bananar.


Oppdrag

Jobb i grupper.

  1. Finn ut flest mogleg fakta om bananen, og lag ein digital plakat om bananar.

Anbefalt gratisverktøy for å lage ein digital faktaplakat

Canva

🍌

Forslag til tema for den digitale faktaplakaten
  • Kor lang tid, og kor mykje ressursar, går med for å få ein banan etemoden?

  • Kva er nokon gode grunnar til å ete ein banan?

  • Kvifor kastar me så mange bananar? Kom med idear og forslag til korleis vi kan redusere dette matsvinnet.

  1. Ta kontakt med ein eller fleire daglegvareforretningar, og høyr om de kan få bananane som skulle ha vore kasta denne veka.

  2. Finn oppskrifter til rettar de kan lage av bananar, og vel ut nokre av oppskriftene de vil teste. Har de til dømes høyrt om nice cream?

  3. Ver kreativ og finn på ein eller fleire eigne oppskrifter, der de kan bruke bananar. Lag gjerne namn på dei nye oppskriftene.

  4. Lag ein film som de til dømes kan kalle "5 hacks som reddar bananane". Vis fram filmen for klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Berekraftig kosthald